Lyset skin i mørket

I dag vil eg ta utgangspunkt i Johannes 1,3-5:

Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til. Det som vart til i han, var liv, og livet var lyset for menneska. Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.

To av desse versa hadde eg og med i andakten sist veke, og så har eg tatt med vers 5 i tillegg. Eg har tidlegare skrive om lys i andaktane her på Fjellvatnet.no. Eg kan garantere at det blir ikkje siste gong heller, det står mykje om lyset i Bibelen.

Det er eit bilete av lyset som eg likar veldig godt: Tenk deg at du står i eit rom der det er heilt mørkt, du ser absolutt ingen ting. Så blir det tent eit lite stearinlys i det eine hjørnet av rommet. Kva skjer då? Tek det svære mørket og kveler det vesle lyset som står der? Nei, mørket har ikkje sjans, uansett kor stort og skremmande mørket kan vere.

Slik er det og med Jesus. Når han får lyse, så har ikkje mørket ein liten sjanse ein gong. Eg synest at vers 5 er så fint: Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det. Jesus har alt vunne sigeren, han har tatt all vår synd på seg. Mørket kan ikkje vinne. Takk Jesus!

Alt vart til ved Gud, Gud har gitt oss liv gjennom Jesus, og som det står i vers 4; eit lys for oss menneske. Trass synda vår og mørket som prøver på alle moglege måtar å få oss bort frå Jesus, så gjeld det berre for oss å halde oss tett inntil lyset.

Tenk deg tilbake til dette mørke rommet med det vesle lyset. Så lenge du står på sida av lyset, så er det lyst, men beveger du deg lengre bort vil det bli mørkare og mørkare. La oss halde oss nær til lyset.

I 1. Johannesbrev 1,5-7 står det:
Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er lys; i han finst det ikkje mørker. Seier vi at vi har fellesskap med han, men vandrar i mørkret, då lyg vi og følgjer ikkje sanninga. Men dersom vi vandrar i lyset, liksom han er i lyset, då har vi fellesskap med kvarandre, og blodet frå Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd.

Bønn
Takk Jesus for at du har overvunne mørket.
Takk for at du kom til jorda for å vere lyset for oss menneske.
Hjelp oss til å halde oss nær lyset.
Amen

Songen som eg har funne fram i dag er «Lys imot mørketida», sunge av Maria Haukaas Mittet. Den synest eg passa fint i dag. Og som ho syng heilt mot slutten av songen «På veien mot Betlehem, bær ho Maria, et lys, et lys, et lys imot mørketida».

Lyset har overvunne mørket.