
Nåde over nåde
Me les i dag i Johannes 1,16-17:
Av hans overflod har vi alle fått, nåde over nåde. For lova vart gjeven ved Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.
Det er romjul, for mange ei tid saman med familie og vener. Og sjølv om mange synest det er vanskeleg med økonomien for tida, så kan me vel seie at mange av oss i Norge i dag lever i overflod samanlikna med mange andre rundt om i verda.
Tenk deg at du fekk besøk rundt middagsbordet nå i romjula, av nokon som ikkje hadde like mykje å setje på bordet. Tenk deg den gleda dei som tok imot måltidet kunne kjenne på. Det er kanskje eit dårleg bilete på å dele av vår overflod, kanskje fordi denne overfloden er begrensa – det tek slutt, me har ikkje ubegrensa med mat.
Difor er det så fantastisk å lese om Guds overflod, som vi alle har fått – vi har fått. Det er allerede gitt, det er ikkje noko som skal skje i framtida eller som nokon få heldige utvalgte skal få. Alle har fått.
Denne overfloden er ikkje begrensa, ho tek ikkje slutt. Det er nok til absolutt alle som vil ta imot.
Det står nokre fine vers i Klagesongane 3,22-23: Herren er nådig, vi går ikkje til grunne. Hans miskunn tek ikkje slutt, ho er ny kvar morgon. Din truskap er stor.
Me skulle eigentleg gått til grunne, fordi me ikkje klarer å oppfylle det som står i loven. Men Gud har skapt oss, heilt unike, i sitt bilete. Han er så ufatteleg glad i kvar og ein, men han er heilag og toler ikkje synd. Difor vart Jesus fødd, nåden og sanninga kom til jorda. Me har fått del i eit evig liv saman med Gud, heilt ufortent – det er nåde. Nåde over nåde, den tek aldri slutt.
Bønn
Takk Jesus.
Takk for at du tok på deg mi skuld.
Takk for nåden, heilt ufortent.
Takk for nåden aldri tek slutt.
Hjelp oss å sjå dei som ikkje har det så bra.
Hjelp oss å dele av vår overflod.
Amen
Songen i dag er «Nåde stor» av David André Østby:

