
Ordet vart menneske
Me les vidare frå Johannes 1, og i dag les me versa 9-15:
Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda vart til ved han, og verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. Og ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen før meg, for han var til før meg.»
Me skal snart feire jul, feire at Jesus vart fødd her på jorda. Og det er fleire stader i desse versa som peiker på akkurat det.
I vers 9 står det at det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Det er berre eit sant lys; Jesus. Det er mykje som kan sjå ut som det lyser, men alle desse andre lysa mister si kraft. Det er berre ein som kan lyse for oss inn i det evige, det er Jesus.
Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans. Alle som tek imot Jesus, dei gir han rett til å bli Guds born. Tenk det, eg kan få lov til å kalle meg eit barn av Gud.
Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Ordet, som alltid har vore, ein sann Gud, blei til eit menneske, eit sant menneske, for vår skuld.
Når me nå skal feire at Jesus vart fødd i ein stall i Betlehem, så må me ikkje gløyme at han kom til jorda for oss. For å døy på korset, for å ta på seg mi skuld, som eg skulle stått framfor Gud med. Eg hadde ikkje hatt ein liten sjanse ein gong, men Jesus tok alt dette på seg. Så når eg ein dag skal møte Gud, så kjem han ikkje til å sjå noko av alt det gale eg har gjort, fordi Jesus har tatt alt på seg.
Difor er eg så utruleg glad og takknemleg for at me kan feire jul, feire at Jesus vart fødd denne julenatta for over 2000 år sidan. For at eg kan gå fri, for at du kan gå fri. Det er Guds store frelseplan for oss menneske, eg er så utruleg takknemleg for at eg kan få kalle meg ein kristen.
La oss ta med desse versa frå profeten Jesaja 53, 4-6 inn i julefeiringa vår – han kom for oss!
Sanneleg, våre sjukdomar tok han, vår smerte bar han. Vi tenkte: Han er ramma, slegen av Gud og plaga. Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte. Vi gjekk oss alle vill som sauer, kvar tok sin eigen veg, men skulda vi alle hadde, lét Herren ramma han.
Jesus kom for å gi oss fred, han tok vår skuld – me fekk fred.
Takk Jesus for at du kom til jorda!
Bønn
Kjære Jesus.
Takk for at me skal få feire jul.
Hjelp oss å sjå det store du har gjort for oss.
Takk for at du gir oss av din fred.
Ver nær hos dei som har det vondt i jula.
Takk for at du ser alle menneske.
Amen
Songen i dag er «Mary did you know?”, sunge av One Voice Children’s Choir. Dette er ein av mine favoritt-julesongar, og formidlar at Jesus er så mykje meir enn det vesle barnet i krubba.
Med ønske om ei fredfull julehøgtid!

