Vitne

Om ein blir kalla inn i ei rettsak som eit vitne, så er det for å fortelje sanninga om det ein har sett og opplevd i ein gitt situasjon.

På same måten er me kalla til å vera Jesus sine vitne her på jorda. I dag fortset me i Johannes 1, me les frå versa 6-8:

Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.

Det er døyparen Johannes det her er snakk om, han var komen for å vitna om Jesus. Han skulle vitna om lyset, slik at alle kunne koma til tru.

Alle, tenkjer du kanskje, det var då veldig. Det skal vel noko til at alle skal begynne å tru på Jesus? Ja, sjølv om det ikkje er umogleg, så skal det nok noko til at alle skal blir kristne. Men det som er poenget her er at alle skal få sjansen: Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. Alle kunne viss dei ville, det var og er mogleg for alle.

Og så var det viktig for Johannes å peike på at han sjølv ikkje var lyset, han var berre den som vitna om lyset – om Jesus.

Døyparen Johannes var nok den første personen som vitna om Jesus, og frå vers 19 og eit stykke utover kan du sjølv lesa litt meir om det Johannes sa og gjorde når han vitna om Jesus som skulle kome, og som kom, etter han.

Kva så med meg, med oss? Det er så behageleg å sitje i stova si og lese i Bibelen, og kjenne meg trygg og glad over at eg kjenner Jesus. Og ikkje misforstå, det skal ein få lov til å gjere, det er fantastisk godt å kunne seie at eg kjenner Jesus og at han har omsorg for akkurat meg.

Men han har og omsorg for alle andre rundt oss, då må me vere med å dele dette fantastiske lyset med verda rundt oss. Og så er det heldigvis mange måter å gjere det på, men me kan alle vere med å bidra på vår måte. Me må hugse at me har Jesus med på laget, det er jo ikkje me som skal lyse, me skal berre peike vidare på lyset. Det lyser fint på eigenhand, men la oss vise dei rundt oss så fint det skin.

I salme 119,105 står det: Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. La oss bruke Guds eige lys til å rettleie oss, til å vise oss vegen han vil me skal gå.

Eg las nettopp ein artikkel i avisa Dagen om ein mann som hadde utvikla ein bibel-app for barn over mange år. Og det hadde både vore mange velsigningar, men og fleire utfordringar på vegen til eit ferdig produkt. Eg la spesielt merke til ein setning han sa i slutten av intervjuet: «Gud er en lykt for min fot, ikke et lys i horisonten.» Me vil så gjerne ha svaret på kva Gud vil med livet vårt, kva han vil me skal gjere til hausten, kven me skal vitne for i morgon.

Men han er ei lykt for min fot, akkurat i dag, slik at eg kan sjå kor eg skal setja ned det neste steget. Eg treng ikkje vite kor foten skal setjast om 10 steg, men la oss be om at Gud må vere med i dag og gi lys på vegen i dag.

Då treng det ikkje nødvendigvis bli så skummelt å skulle fortelje om Jesus for andre, la Gud vise veg, så sit du plutseleg i ein samtale med ein venn der det kan vere naturleg å dele litt frå trua di.

Og så er eg den første til å rekkje opp handa å seie at eg synest dette er vanskeleg. Men eg trur og at viss eg berre legg det i Guds hender, og ber til han om å vere med, då kan det skje store ting.

Han sjølv var ikkje lyset, han skulle vitna om lyset.

Og som Jesus sa til læresveinane sine i Apg. 1,8: Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.

Bønn
Kjære Jesus.
Takk for at du er med kvar dag.
Takk for at me ikkje treng lysa sjølv, men at du lyser for oss.
Hjelp meg å peike på deg for mine medmenneske.
Takk for at ditt ord er ei lykt for min fot.
Amen

Songen i dag er «Go tell it on the mountain”, sunge av gruppa For King and Country.

Jesus vart fødd i ein stall i Betlehem, men han er meir enn det vesle barnet i krubba, Jesus er verdas frelsar! Og eg synest jo videoen passa fint i dag, eit bilete som blir større og større etterkvart som songen blir sunge. Eg ser ikkje heile bilete frå starten, men Guds ord er eit lys på min sti. Han ser heile bilete frå starten, og eg ser meir og meir, litt etter litt.

Ønsker deg ei fin adventstid fram mot jul.