
Har du sett Gud?
Godt nytt år!
Me har nettopp feira nyttår, og har starta på 2024. Kanskje ser du fram til det nye året med forventning, med glede? Eller kanskje du er bekymra for kva året vil bringe, du veit ikkje heilt kva retning du skal gå i?
Eg er ein person som lett kan bekymre meg, men kvar gong ein bekymring snik seg inn, så er det så utruleg godt å kunne legge denne bekymringa fram for Gud gjennom ei bønn til han. Samtidig kan eg minne meg sjølv på det som står i Bibelen i 1. Peter 5,7: Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk.
Dette er eit vers eg vil dele med dykk nå i starten av det nye året, kast uroa, kast bekymringa på Jesus, han har omsorg for oss alle!
Eg har kome til siste verset i starten av Johannesevangeliet, vers 18. Eg veit ikkje korleis det har vore med deg som har lese desse andaktane som eg har skrive ut frå Johannes 1, 1-18? Eg har i alle fall fått mykje ut av det å vere ei stund i desse versa. Mest av alt har eg merka meg det som står om lyset, at lyset kom til verda. Eg likar godt å lese bibelvers som handlar om Jesus som verdas lys, og eg kjem garantert tilbake til temaet ved eit seinare høve.
Men tilbake til dagens bibelvers, Johannes 1,18:
Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne, som er Gud, og som er i fanget til Far, han har synt oss kven han er.
Har du sett Gud spør eg om i overskrifta i dag. Det første du tenkjer då er kanskje nei, eg har ikkje sett Gud. Og i bibelverset her står det at ingen har nokon gong sett Gud. Sånn reint fysisk, kan me ikkje sjå Gud. Men, det er eit stor MEN i dette verset: Jesus, som er fullt og heilt Gud, samtidig som han er fullt og heilt menneske – han har synt oss kven han er.
Me treng ikkje sjå Gud for å vite kven han er. Jesus har vist oss det, han viste det til oss når han gjekk omkring på jorda. Og Gud har vist oss det gjennom sitt ord – gjennom Bibelen.
Så la oss i det nye året, ta opp Bibelen og lese i den. Me treng ikkje å lese fleire kapittel kvar dag, men det å bli betre kjent med Gud gjennom å lese jamnleg i Bibelen – det trur eg berre bringer gode ting med seg.
Så viss du får spørsmålet om du har sett Gud, så kan du kanskje svare ja på det neste gong? Eg har sett Gud, ikkje fysisk, men gjennom Bibelen, gjennom Jesus.
Bønn
Takk Gud for at du høyrer bøna mi.
Takk for at eg kan leggje mine bekymringar på deg.
Takk for at du har omsorg for meg.
Hjelp meg til å bruke tid saman med deg i 2024.
Takk for at eg ikkje treng å sjå deg for å bli kjent med deg.
Amen
Me startar det nye året med ein song av Hannah Kerr som heiter «Same God», Gud er den same:

