Ny kraft

Før jul hadde eg notert meg ned eit bibelvers, eit bibelvers som eg tenkte eg kunne skrive ein andakt ut i frå ein gong etter nyttår.

I dag slo eg på nytt opp dette bibelverset, eg hugsa ikkje kva som stod der. Men det passa eigentleg veldig godt til meg akkurat nå. Og sånn er det med Bibelen, det som står der passar rett inn i liva våre, nå – i 2024. Eg er så glad og takknemleg for at eg kan få både trøyst, finne glede, få rettleiing og mykje meir i denne fantastiske boka som Gud har gitt oss.

Bibelverset som eg hadde notert ned var Jesaja 40,31:

Men dei som ventar på Herren,
får ny kraft,
dei lyfter vengene som ørna,
dei spring og blir ikkje slitne,
dei går og blir ikkje trøytte.

Eg har vore sliten og kjent på lite krefter etter jul. Eg har måtte seie frå meg oppgåver fordi kreftene ikkje strekk til. Og så får eg dette bibelverset i dag, det gjorde godt!

Eg skal så ofte ordne opp sjølv, eg skal fikse livet. Men så gløymer eg gong på gong, å la Gud få vere Herre i mitt liv. Han skal gje meg ny kraft. Av og til skjer endringar i livet, slik at ein må justere arbeidsoppgåvene sine, fritida si, oppgåvene på bedehuset eller i kyrkja. Men likevel, Gud gir ny kraft. Det er ikkje sikkert at viss du har sagt ja til ei oppgåve, så skal du gjere det resten av livet. Men Gud er med uansett kva oppgåve du har, kva slags kvardag du har – han gir ny kraft. Me må berre vente på han, legg det du tenkjer på framfor Gud i bøn. Han vil svare, men kanskje ikkje på den måten som du sjølv tenkjer er best for deg.

Og korleis er denne krafta som Herren gir? Eg synes at dei 3 siste linjene i verset forklarer krafta på ein strålande måte.

For det første lyfter Gud dei som vengjene på ørna. Sjå føre deg ørna som fyk på himmelen, ho nærast svevar i lufta over oss. Utan vinden og luftstraumane, så måtte ørna ha jobba mykje meir sjølv for å halde seg i lufta, ja det er ikkje sikkert det hadde gått i det heile? Men når ørna får bruke vinden til å løfte seg, då kan ho sveve lenge. Når me ventar på Gud, lar han få lyfte oss, då er det lettare å halde seg oppe i lufta. Viss me skal halde oss i lufta heilt sjølv, då blir det fort vanskeleg.

Den andre linja, då er det springing som gjeld. Dei spring og blir ikkje slitne. Eg har dei siste åra prøvd å springe litt innimellom, og når eg har sprunge ei stund, ja då blir eg sliten. Det byrjar å verke i musklar og ledd, pusten blir tyngre og til slutt så klarer eg ikkje meir. Men når Gud gir oss ny kraft er det som å springe utan å bli sliten. Det høyrest fantastisk ut.

Og så kjem me til siste setning. I overført betydning: det er ikkje alle som klarer å springe i utgangspunktet, nokon må gå. Eg er nok inne i ein periode i livet der eg ikkje klarer å springe, men eg må gå, men Gud gir ny kraft her og. Ikkje nødvendigvis til å kunne springe, men til å fortsetje å gå – dei blir ikkje trøytte står det.

Gud seier til meg og til oss; eg gir deg ny kraft. Det er ikkje slik at alle har krefter til å vere med på alt som skjer, men Gud gir kraft til deg i dag, til din kvardag. Han kan bruke meg i min livssituasjon, det er eg så takknemleg for.

Og så må eg til slutt ta med meg verset som står rett framfor, Jesaja 40,29:

Han gjev den trøytte kraft,
og den som ikkje har krefter,
gjev han stor styrke.

Dette skal me få kvile i, me må berre vente på Herren. Han gir den trøytte kraft. Takk!

Bønn
Takk for at du gir nye krefter Gud.
Takk for at me er ulike og har ulike oppgåver.
Takk for at du er med kvar dag.
Amen

Songen i dag er heiter «You are faithful» og er sunge av gruppa Carrollton. Gud er trufast!