
Peike på Jesus
Sist veke skreiv eg om Jesus sitt møte med kvinna ved brønnen. Andakten i dag er ei fortsetjing på dette møte.
Jesus har altså snakka med kvinna om det levande vatnet han vil gi henne. Ho fortel Jesus at ho ønskjer å få drikke av dette vatnet.
Jesus svarer henne i Joh. 4,16-18: Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom tilbake hit.» «Eg har ingen mann», svara kvinna. «Du har rett når du seier at du ikkje har nokon mann», sa Jesus. «For du har hatt fem menn, og han du no har, er ikkje din mann. Det er sant, det du sa.»
Jesus ser inn i livet til denne kvinna, og ser korleis ho har det og kva for eit liv ho har levd. Jesus ser også inn i våre liv, han veit korleis me har det akkurat her og no. Du tenkjer kanskje at det er jo ganske skummelt, eg har jo så mykje eg vil skjule, som ikkje toler dagens lys.
La oss heller tenkje litt motsett om det at Jesus kjenner oss så godt, ja Jesus kjenner oss faktisk betre enn me gjer sjølv, i Matteus 10,30 står det: Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Det er jo ikkje så viktig i seg sjølv, og vite kor mange hårstrå eg har på hovudet. Men det er eit godt bilete på at Jesus kjenner oss så inderleg godt. Og i staden for å vere redde for alt han veit om oss, så kan ein heller sjå på det som ein styrke i kvardagen. Tenk at Jesus, som kjenner meg så godt, bryr seg om meg og veit kva som er best for meg. Og i staden for å gøyme meg vekk frå Gud, som eigentleg ikkje er mogleg, så vil eg heller seie som David i Salme 139,23-24:
Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarte, prøv meg og kjenn mine tankar! Sjå om eg følgjer avgudsveg, og lei meg på den evige vegen.
Kvinna ved brønnen snakka vidare med Jesus, og Jesus seier etterkvart at det er han som er Messias. Og så står det i vers 28-30 kva som skjedde etter at samtalen var over:
Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket: «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?» Då gjekk dei ut av byen og kom til han.
Kvinna gjekk inn i byen og fortalde til folk der om møtet ho hadde hatt, og fleire gjekk ut for å møte Jesus ute ved brønnen. I vers 39-42 kan me lese kva som skjedde etterpå:
Mange av samaritanane frå den byen tok til å tru på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.» Og då samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hos seg, og han vart verande der i to dagar. Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord, og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa, for vi har høyrt han sjølve. Og vi veit at han verkeleg er den som skal frelsa verda.»
Jesus hadde tid, han blei i byen i to dagar. Mange fleire kom til tru når dei fekk høyra hans eige ord. Og eg synes den første setninga her er så fin, mange tok til å tru på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna. Utan at denne kvinna hadde fortalt vidare det ho hadde sett og høyrt, så hadde ikkje desse menneska begynt å tru. Og når dei har blitt meir kjende med Jesus, så er det ikkje det som kvinna har sagt som gjer at dei trur, men då er det på grunn av det Jesus har sagt.
Jesus kan bruke alle, han er ikkje ute etter perfekte menneske, dei finst ikkje. Kvinna ved brønnen hadde ikkje levd eit liv slik ho burde, men likevel kunne ho glad fortelje vidare til andre om møtet ho hadde hatt. Det einaste ho gjorde var å peike på mannen som sat ute ved brønnen, kan det vere ei oppfordring til oss i dag? Kan me vere med å peike på Jesus?
Songen i dag heiter «Börja med mig» og er sunge av Clas Vårdstedt.
Bønn
Takk Jesus for at du er verdas frelsar.
Takk for at du kjenner meg så utruleg godt.
Du veit kva eg er god på, du veit kva eg er redd for.
Hjelp meg til å dele ditt ord med andre.
Takk for at du er med.
Amen

