
Tørst
Jesus var på reise, han skulle til Galilea. På denne reisa så reiste han gjennom Samaria, eit område som dei fleste jødar heldt seg unna.
Han kom til byen Sykar, var sliten etter reisa og sette seg ned attmed ein brønn. Og så les me kva som skjer vidare i Johannes 4, 7-15:
Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Gjev meg noko å drikka.» For læresveinane hans hadde gått inn i byen for å kjøpa mat. «Korleis har det seg», seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødar held seg ikkje saman med samaritanarar.
Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.» «Herre», sa kvinna, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brønnen er djup. Så kvar får du det levande vatnet frå? Du er vel ikkje større en Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?»
Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.» Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.»
Eg held meg framleis i Johannes-evangeliet, og vil denne og neste veke ta utgangspunkt i når Jesus møtte denne samaritanske kvinna.
Det var berre dei to ved brønnen, læresveinane var inne i byen for å kjøpe mat. Kvinna hadde sitt første møte med Jesus og Jesus ber kvinna om vatn å drikke. Heile situasjonen er nesten uhøyrt, for det første så var det ikkje vanleg for jødar å vere saman med samaritanarar, og for det andre var det heller ikkje vanleg for ein mann å prate med ei framand kvinne. Me kan lese i vers 27 om at læresveinane undra seg over at han prata med ei kvinne når dei kom tilbake. Men Jesus bryr seg ikkje så mykje om kva andre meiner, han ser forbi merkelappane og ser rett inn i hjartet på kvart menneske.
Så tilbake til samtalen mellom Jesus og denne kvinna. Jesus snakkar om levande vatn han vil gi henne, eit vatn som gjer at ho ikkje blir tørst meir. Kvinna tenkjer svært så konkret om dette vatnet. Ho seier til Jesus at han ikkje har noko å ta opp dette vatnet med? Og når Jesus fortel meir om vatnet, så ønsker ho å få drikke av dette vatnet slik at ho slepp å koma opp til brønnen for å hente meir.
Er det ikkje slik det ofte er, me tenkjer så konkret. «Ja, men det er jo ikkje mogleg å få til fordi….» Bibelen og Jesus utfordrar tankesettet vårt, me kan ikkje få alt til å stemme med våre eigne tankar, 2+2 blir ikkje alltid 4. Og for ein som er glad i tal og matematikk, så kan det til tider vere ganske frustrerande.
Jesus fortel kvinna om vatnet han vil gje, eit vatn som blir til ei kjelde som bryt fram og gir evig liv. Dette tilbodet gjeld også til oss, i dag. Jesus tilbyr oss å drikke det levande vatnet, eit vatn som gjer at me ikkje skal tørsta. Det er mykje i verda som vil vise oss kva me bør tru på og kva me bør meine, men det er berre Jesus som kan gje oss noko som stiller tørsten, som gjer at me ikkje treng noko anna – det levande vatnet.
Og som Jesus svarer kvinna i vers 10, slik svarer han også oss: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.»
Me treng ikkje gjere det vanskelegare enn det er, me må berre ta imot vatnet som Gud vil gje oss. Det har betydning for livet her på jorda, men endå viktigare, det har betydning for evigheten.
Neste veke skal me sjå kva som skjedde vidare med denne kvinna, både i samtalen med Jesus, men og kva som skjedde etterpå.
Bønn
Takk Jesus for at du har det levande vatnet.
Hjelp meg å drikke av dette vatnet.
Takk for at du er glad i meg.
Takk for at du er glad i alle menneske.
Amen
Songen i dag er «Living water» av Anne Wilson:

