
Etter ein storm
Det har vore mykje vind og vér dei siste vekene, både regn, snø, sterk vind og skiftande temperaturar. Nokre stader i landet har det vore vanskeleg å vere utandørs.
Men etter alt dette véret, så kjem det til slutt godt vér.
Det kjennest nesten merkeleg når sola skin, og det er blikk stilt, snøen som kom i går ligg fantastisk fint utover landskapet. Eg får lov til å ta på meg skia, gå ut i denne fantastiske naturen og berre sjå rundt meg på Guds skaparverk.
Eg har den siste veka gått og tenkt på ei strofe frå songen «Jeg skulle ei sørge». Det er den siste strofa i songen eg har tenkt på, og den er sånn: «Om Frelseren sover i båten iblant, han er dog i båten om bord.»
Me opplever alle at livet til tider stormar rundt oss, det finst augneblink som blir som eit før og eit etterpå. Det er ikkje alltid stormane er så store, kanskje det «berre» bles kuling?
Poenget mitt her er ikkje kor kraftig stormen er, eller kor lenge den varer. Livet består både av opp- og nedturar. Men når nedturane kjem så kan ein av og til ropa til Gud slik som det står i Salme 44, 24-25:
Reis deg! Kvifor søv du, Herre? Vakna, støyt oss ikkje bort for alltid! Kvifor løyner du ditt andlet, kvifor gløymer du vår naud og trengsle?
Eg har spurt meg mange kvifor opp gjennom livet. Men det er nå ein gong sånn at det er både sjukdom og vonde ting som skjer i denne verda, og ingen er skåna for desse tinga. Men det kan nokre gonger opplevast at Gud søv, at han ikkje bryr seg om det eg opplever som vanskeleg.
Men det er heldigvis heilt feil. Jesus er der, han bryr seg, han har lova å vere med gjennom stormen. Og når me tenkjer i eit evighetsperspektiv, så er uansett den stormen som me kan oppleve nå, berre eit lite sekund å rekne, mot evigheten saman med Jesus.
Eg synes det er lett å sjå Gud i skaparverket, å sjå Gud når ting går godt, når eg kan sjå alt det vakre i naturen rundt meg. Men Gud er like mykje med i stormen, han er med gjennom alt det me opplever. Det er ein fantastisk tryggleik, eg er så glad for at eg kan kalle meg kristen, og at eg har ein som ser meg og som kjenner meg uansett kva eg måtte oppleve. Jesus er om bord i båten!
Det er eit bibelvers som blei veldig sterkt for meg denne siste veka, eit bibelvers som eg har både lest og høyrt mange gonger før. Men når livet køyrer på med ein storm, så kan eg finne stor trøyst i dette eine verset som står i Salme 37,5:
Legg din veg i Herrens hand!
Set di lit til han,
så grip han inn.
Eg legg mitt liv i Guds hender. Eg har ingen annan plass å leggje det, eg set mi lit til han.
Bønn
Takk Jesus for at du alltid er med, uansett om det er storm eller finvér.
Takk for at me kan leggje alt i dine hender.
Ver du med dei som står midt i ein storm.
Amen
Songen i dag heiter Hold me Jesus, og er sunge av Rich Mullins:

