Fredstankar

Eg kjøpte meg ei ny andaktsbok sist veke, eg skal skrive meir om kvifor eg gjorde det snart.

Men først; bibelverset som stod for gårsdagen i andaktsboka var verset i Jeremia 29,11. Dette verset vil eg ha som overskrift for akkurat denne veka her, det passar veldig godt inn i mitt liv akkurat nå. Kanskje i ditt og?

For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

Denne andakten vil nok vere ganske personleg, men eg har lyst å dele litt likevel. Kanskje nokon andre og kan kjenne på noko av det same som eg gjer, sjølv om situasjonen ikkje er lik?

Kva gjer ein når ein mister ein av sansane sine over natta? Kva kan ein gjere?

For 10 år sidan mista eg høyrselen min på det eine øyra, heilt uforklarleg, heilt utan grunn. I tillegg til andre utfordringar, har desse 10 åra vore ein samanhengjande prosess for å kome dit eg er i dag. Og så, for litt over to veker sidan mister eg nesten heile høyrsla på det andre øyret og, tilsynelatande like uforklarleg.
Hadde eg ikkje hatt dei 10 åra i erfaringsbasen, både i forhold til å takla helseendringar og i forhold til trua mi, så hadde eg nok gått rett i kjellaren. Eg har vore i kjellaren, dit ønskjer eg eigentleg ikkje å koma igjen.

Så kvifor dette personlege, denne store utfordringa i mitt liv, i ein andakt? Fordi eg opplever, som eg skreiv sist veke, at Gud er med meg gjennom stormen.

Det kan godt hende at høyrsla kan koma seg att, at det er hjelpemiddel som kan gjera kvardagen lettare. Men veit du kva? Livet er ikkje alltid like lett, det gjeld for dei fleste av oss i periodar. Men Jesus har sagt i eit vers som eg stadig kjem tilbake til, det står i Joh. 14,27:

Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!

Gud har aust over meg av sine fredstankar dei siste vekene. Det er nesten utruleg kor roleg eg har vore trass at eg plutseleg høyrer veldig lite av det folk seier til meg. Men det betyr ikkje at eg ikkje har tunge stunder, for det har eg, seinast i dag. Men så kjem Gud på ny til meg med nokre bibelvers eller ei oppmuntring frå nokon eg kjenner. Berre det å skrive denne andakten gjer meg utrulig godt.

Så tilbake til det eg starta andakten med, denne andaktsboka eg har kjøpt meg. Eg har dei siste åra blitt meir og meir glad i å finne kristne songar med fine melodiar, og ikkje minst gode tekstar som eg kan høyra på. Mange av desse har eg avslutta andaktane her på nettsida med. Av naturlege årsaker, så kan eg ikkje lytte til desse songane akkurat nå.

Så kom eg over denne andaktsboka i ein bokhandel sist veke. Ei andaktsbok med daglege dikt skrive av Haldis T. Reigstad, i tillegg til eit bibelvers. Det var nesten som boka stod i hylla og «ropte» på meg. Difor har eg akkurat nå bytta ut songane eg høyrde på med å lesa oppbyggelege dikt. Eg er så glad for at Gud viste meg det.

Når nokre vegar blir stengde, om det er midlertidig eller for godt, er det ofte slik at andre opnar seg. Eg ønskjer at Gud skal kunne rettleie meg slik som det står i Salme 119,105: Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig.

Veit du kva som var overskrifta for diktet den dagen eg kjøpte boka? Det var «Ror du båten din åleine?». Les andakten eg skreiv sist veke (før eg kjøpte boka), så forstår du kanskje kvifor dette vart så sterkt for meg.

Og neste dag stod bibelverset frå Jeremia som eg skal minna meg sjølv på kvar dag denne veka, han vil gje meg framtid og håp. Han vil gje deg framtid og håp. Eg kjenner ikkje framtida mi, men eg veit likevel at eg vil ha Gud med meg på vegen. Då er framtida trygg, uansett kva som kjem.

Diktet som stod saman med dette bibelverset vil eg avslutte andakten i dag med. Diktet heiter «Fredstankar», og er skrive av Haldis T. Reigstad:

Bøy meg, Herre Jesus,
under krossen din.
Bøy min eigenvilje
og mitt stolte sinn.
Du er livet mitt,
ingen er som du.
Under dine venger, Far,
er det godt å bu.

Fred er dine tankar
med mitt liv på jord.
Denne trøysta, Herre,
har eg i ditt ord.
Far i himmelen,
lær du meg å be
bøna som vår Frelsar ba:
La din vilje skje!

Gje meg dagleg, Herre,
alt du ser eg treng.
La mi sjel få kvila
i di nådeseng.
Du har kjøpt meg fri
med ditt dyre blod.
I di sterke frelsarhand
finn mitt hjarta ro.

Bønn 
Takk Jesus!
Takk for at du gir meg av din fred,
ein fred berre du kan gje.
Takk for at du er med alle dagar,
og takk for at me kan leggja alt i dine allmektige hender.
Eg ber for alle som møter utfordringar i livet denne veka.
Eg ber om din fred.
Amen