Takk

I dag vil eg bruke andakten til å takka.

Me har alle noko me kan takka for, uansett kva livssituasjon me har. Og viss du synes at det ikkje er så mykje i livet å takke for akkurat nå, så prøv likevel å finne ein eller to ting.

Det er så lett å gløyme å takka, ein tek så mykje som sjølvsagt.

Eg skal ha ein liten andakt for nokre barn om ikkje så lenge. Temaet for denne andakten er om dei 10 spedalske som Jesus gjorde friske. Og når eg førebudde denne andakten, så hadde eg så lyst å skrive om desse mennene i andakten her og.

Me finn teksten i Lukas 17,11-19:

Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» Han såg dei og sa: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. Ein av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk. Han lova Gud med høg røyst, kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne mannen var ein samaritan. Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? Var det ingen annan enn denne framande som kom tilbake og ville gje Gud æra?» Og han sa til mannen: «Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.»

Jesus hjelper alle desse ti mennene, alle blir friske. Dei var sikkert utruleg glade, og var kanskje på veg til å fortelje dei gode nyheitene til familie og vener.

Men kva var det som gjorde at den eine samaritanen kom tilbake til Jesus for å takka? Det står at han kom tilbake då han såg han var frisk. Me veit ikkje noko meir om grunnen til at han eine kom tilbake, medan dei ni andre ikkje gjorde det.

Eg kjenner at av og til kjem det eit takk på automatikk. «Takk for maten», «Takk for gåva» eller «Takk for at eg fekk sitje på». Men tenkjer eg over kva eg takkar for? Ikkje alltid. Men når eg verkeleg tenkjer etter, så har eg så uendeleg mykje å takka for. Eg har eit ønske om å takka inderleg, å vere bevisst på kva eg takkar for, ikkje berre la det vere nokre ord som kjem utan å tenkje over, utan å setje pris på det eg takkar for.

Kanskje det var dette den eine mannen hadde, som dei ni andre ikkje hadde? Ein bevissthet om at dette er eg nøydd å takke for, det er så stort. Kanskje dei ni andre og var takksame, men dei tenkte ikkje noko meir over situasjonen? Dei var berre glade for å vere friske, og då gløymde dei å gi æra til den som burde ha æra. Alle ropte på Jesus om å hjelpe, men berre ein hugsa på Jesus etter at han hadde hjelpt dei.

Jesus seier til slutt at trua hans har frelst mannen. Kor mykje meir betyr ikkje det, enn å bli frisk. Det er ikkje like lett å sjå der og då, alt han ønskjer er sikkert å bli frisk.

Det er ikkje alle som opplever å bli friske frå sjukdom her på jorda. Men alle kan likevel få koma til Jesus for å ta i mot han, og til han kan me takka for det han har gjort for oss. Jesus gav sitt eige liv, han døydde på korset for meg og deg for at me skulle få eit evig liv saman med han. Viss ikkje det er verd ein stor takk, så veit ikkje eg.

Så la oss hugse å takke Gud for det han har gitt oss og for det han har gjort for oss.

I salme 106,1-2 står det:

Halleluja!
Takk Herren, for han er god,
evig varer hans miskunn.
Kven kan nemna alle Herrens storverk,
fortelja om det herlege han har gjort?

Me klarer ikkje å koma på alt det gode Gud har gjort, alle hans storverk. Men la oss takka for det me kjem på, for han er god og evig varer hans miskunn!

Bønn
Takk Jesus, eit stort takk!
Takk for at du døydde på korset for meg.
Takk for at du tok mine synder på deg.
Takk for familie.
Takk for venner.
Takk for …….. (fyll inn det som passar deg).
Hjelp meg til å hugse å takka.
Amen

Songen i dag er «Tack», sunge av Sanna Välipakka (Hope for this nation):