Venta

Eg har tenkt mykje på det å venta den i det siste. I andakten sist veke tok eg utgangspunkt i Jesaja 40,31, og første del av dette verset er slik: Men dei som ventar på Herren får ny kraft.

Eg skreiv om det å få ny kraft frå Gud, han gir den trøytte ny kraft. I dag vil eg prøve å skrive noko om det å vente. Det står fleire stader i Bibelen om det å vente på Herren, her er tre av versa:

Det er godt å vera stille og venta på hjelp frå Herren. Klag. 3,26

Ver modige og sterke, alle de som ventar på Herren. Salme 31,25

Jamvel når du seier at du ikkje ser han, ser han di sak, og du må venta på han. Job 35,14

Me menneske kan til tider vere ganske utolmodige, meg inkludert. Eg ønskjer å få svaret på det eg lurer på så fort som mogleg, eg har ikkje tid til å vente.

Eg leste ein stad nokon som samanlikna vårt tolmod i forholdet til Gud med leiken «Ring på spring». I den leiken går du fram til ei dør, ringer på, og så spring du fort av garde før den som bur i huset rekk å opne døra for å sjå kven som ringjer på. Er det slik når me ber til Gud og? Kjem me framfor Gud med bønene våre, men så spring me vidare før me rekk å høyre kva Gud svarer?

Eg synes versa over er veldig fine. Det er godt for oss å vera stille, å venta på Herren. Ja, ikkje berre venta på Herren, men venta på hjelp frå Herren. Og når me nokre gonger har venta lenge, kan me kanskje seie at me ikkje ser Gud lengre, men han ser likevel vår sak, han har ikkje gløymt oss, me må berre venta på han.

Kva skal me så gjere medan me ventar? Og kva er det eigentleg me ventar på? Her trur eg nok det kan vere fleire ulike svar. Men ein ting er likt for alle kristne, me ventar alle på at Jesus skal koma igjen, det står i Bibelen at Jesus skal koma att, og at alle som trur på han skal få eit evig liv saman med han.

Asbjørn Kvalbein har skrive at «Ventetiden er ofte en læretid. Mens vi venter, kan vi bli ledet, utrustet, korrigert og belønnet.» Gud kan bruke oss medan me ventar på at Jesus kjem igjen, han vil utruste til teneste i sitt rike.

Eg har sjølv venta lenge på kva Gud eigentleg vil med livet mitt når helsa mi gjer at eg ikkje kan gjere det eg gjorde før. Men så har eg etter kvart erfart at i denne ventetida så er Gud med meg likevel. Eg kan gå til han med mi uro, med mine bekymringar. Han høyrer når eg ber til han. Og så veit eg ikkje om det som kjem i framtida, kanskje eg skal fortsetje å skrive andakter, kanskje ikkje. Men eg ser at Gud kan bruke meg i ventetida og. Eg held for tida på å lese ei bok av Eli Fuglestad med korte andaktar, og eg la spesielt merke til ein setning som ho skreiv: «Mens vi lett ser på ventetid som stillstand, ser Gud på den som en tid for vekst.»

Det å måtte vente, er ikkje noko negativt, det er ei tid for vekst. Me treng ikkje alltid svaret på bønene våre med ein gong, Jesus kjem igjen, me må berre vente på Herren. Han har full kontroll, takk og lov for det.

Til slutt vil eg ta med nokre fleire vers frå Klagesongane 3, vers 22-26:

Herren er nådig, vi går ikkje til grunne. Hans miskunn tek ikkje slutt, ho er ny kvar morgon. Din truskap er stor. Eg seier: Herren er min del, eg set mi von til han. Herren er god mot dei som ventar på han og søkjer han. Det er godt å vera stille og venta på hjelp frå Herren.

Bønn
Takk Jesus for at du høyrer bøna vår.
Hjelp oss til å vente på deg.
Takk for di omsorg.
Amen

Songen i dag er sunge av John Waller og heiter «While I’m waiting»: