Arving

Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.

Dette verset står i Johannes 1,12. Eg var innom fleire av versa i Johannes 1 rundt juletider, men eg kjem stadig tilbake til det som står i starten av dette evangeliet. Og i dag var det dette verset eg tenkte på når eg byrja å tenkje på det å vere ein arving.

Me som er kristne kan kalle oss Guds born, kva inneber det?

Eit barn er meir eller mindre avhengig av foreldra sine, både når det gjeld praktiske ting som mat, klede og ein heim å bu i. Men foreldra gir og borna ein oppvekst slik at ungane etter kvart skal kunne klare seg best mogleg vidare i livet, dei er med på å setja ein retning, sjølv om det er ungane som til sjuande og sist sjølv må setja retninga for livet sitt når dei er gamle nok til det.

Gud vil og vere med å gi liva våre ein retning, han fortel oss gjennom Bibelen korleis det er lurt å innrette livet sitt for å bli bevart som ein kristen. Men så er det likevel me sjølve som må ta eit eige val om me vil høyre på det Gud seier eller ikkje.

Men det å vera eit barn inneber og noko meir. Borna har arverett frå foreldra sine, dei skal ein dag få arva det som foreldra eig. For nokon inneber det store verdiar, for andre er det kanskje mest affeksjonsverdiar som blir arva. Men kva skjer med desse tinga, desse verdiane etter kvart? Dei blir arva vidare av neste ledd eller av andre med arverett. Eg får uansett ikkje tatt med meg noko av det eg eig når eg døyr.

Og her skil det me arvar frå Gud seg kraftig frå våre jordiske verdiar. Den arva Gud vil gi oss som hans born er evigvarande, tenk det. Så la oss ta vare på denne arva, gjennom å lese og tru på det Gud vil fortelje oss gjennom Bibelen.

Det står så fint i 1. Peter 1,3-5:

Lova vere Gud, vår Herre Jesus Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! Han har fødd oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. Denne arven er gøymd i himmelen for dykk, de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.

Denne arva visnar aldri og blir ikkje skitna til, arva ligg ferdig. Jesus har gjort jobben, for det er faktisk slik at for å få del i denne arven så må me vere utan synd, utan skuld framfor Gud. I utgangspunktet er ikkje det mogleg, men Jesus døydde på korset for meg, han døydde for deg. Difor får me ta del i denne fantastiske arven, me er arvingar av Gud!

I Romarane 8,17 står det:

Men er vi born, då er vi og arvingar. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han, så vi og skal eiga herlegdomen saman med han.

Me kan takka nei til arva me arvar her på jorda, det er berre å signere nokre papir, så kan ein seie frå seg arva. Arven frå Gud må me og takke ja til, ho kjem ikkje automatisk for alle personar, ein må, som det står i verset eg starta med: alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born. Det er ingen avgrensing på talet arvingar, men me må ta imot.

Då skal me få vere arvingar, då skal me eiga herlegdomen saman med han.

Eg vil avslutta med eit vers som sette meg på sporet av det eg har skrive om i dag, eit vers skrive av Haldis Reigstad, og er henta frå diktet «Sjå opp til han»:

Sjå opp til han og strål av glede,
sjå opp til han som krossen bar.
Du har ein arv som aldri visnar,
ein arv som du i Kristus har.
Han gav deg barnerett hos Gud.
Ditt skuldbrev har han sletta ut.

Bønn
Takk Gud for at me får vere arvingar.
Takk for at du sende Jesus for å ta mi skuld på seg.
Eg ber for dei som ikkje har oppdaga denne arveretten,
eg ber om at fleire må lære deg å kjenne.
Takk for at du er med kvar dag.
Amen