Det er nok

Det er påske, me feirar påske. Påske er ski, grilling, sol, gule blomar, påskeharen og gøymde sjokoladeegg. Men midt oppi all feiringa er eg redd for at eg gløymer kvifor me feirar påska. Og misforstå meg rett, det er all grunn til å feire. Jesus stod opp frå dei døde tredje dagen, han vann over døden, han lever og me skal få lov til å tru på han. Det er all grunn til å feire.

Men eg er likevel redd for å gløyme kva Jesus måtte gå gjennom for at me skulle gå fri. Høyr berre kva som står i nokre av bibelversa i slutten av Matteus-evangeliet:

Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» Matt. 26,39

Så spytta dei han i andletet og slo han med knyttnevane. Nokre slo han i andletet og sa: «No kan du vera profet for oss, Messias. Kven var det som slo deg?» Matt. 26,67-68

«Kva skal eg då gjera med Jesus, han som blir kalla Messias?» spurde Pilatus. Då svara dei alle: «Krossfest han!» «Kva vondt har han så gjort?» spurde han. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!» Matt 27,22-23

Då gav han dei Barabbas fri, men let Jesus piska og gav han over til krossfesting. Matt. 27,26

Dei kledde av han og hengde på han ei skarlaksraud soldatkappe, fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans og gav han ein kjepp i høgre handa. Dei fall på kne for han, spotta han og sa: «Ver helsa, du konge over jødane!» Så spytta dei på han og tok kjeppen og slo han i hovudet. Matt. 27,28-30

Så krossfeste dei han. Og dei kasta lodd om kleda hans og delte dei mellom seg. Matt. 27,35

Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: «Du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds son, så frels deg sjølv og stig ned frå krossen!» Like eins spotta overprestane han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa: «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han! Matt. 27,39-42

Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Eli, Eli, lema sabaktani?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» Matt. 27,46

Men Jesus ropa på nytt med høg røyst og gav opp anden. Matt. 27,50

Jesus visste at alt dette skulle skje, han visste det på førehand. Eg trur eg hadde sprunge langt vekk om eg visste at dette skulle skje med meg. Og for Jesus hadde det vore det lettaste av alt, å berre seie at han ikkje ville, då hadde han sluppe. Når alle spotta han, då kunne han ha vist at han var Guds son, han kunne ha vist dei alle. Men han gjorde ikkje det, heldigvis.

Han bar tornekrona, han let seg piska, han gjorde ikkje motstand når andre spotta han med vonde ord, han let dei spikra han fast på krossen, han døydde der, den dagen, på langfredag.

Kvifor gjekk han gjennom alt dette vonde? Han hadde ikkje det minste lyst, men han visste at dette var den einast moglegheita for at menneska skulle få eit evig liv saman med Gud. Han måtte ta heile skulda for alle menneske, på ein gong. Det er ikkje mogleg å forstå, det er ikkje mogleg å fatta kor stort dette er. Han døydde for meg, eg kan aldri på nokon som helst måte kunne betale tilbake det han gjorde denne påska for over 2000 år sidan.

Men det fantastiske er at Jesus krev ikkje tilbake noko betaling, ikkje nokon ting må eg gjere for å få del i det evige livet saman med han. Eller, forresten, det er ein ting, du må seie ja, ja til Jesus, ja til at han får vera Herre i ditt liv.

Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!» Matt. 28,5-6

Og så kan me likevel få lov til å feire påske, Jesus stod opp att. Han har overvunne døden og alt det vonde. Det er stor grunn til feiring! Men lat oss ikkje gløyma kva Jesus måtte betale for at me skal få lov til å rekne oss som Guds born. Han betalte dyrt, med sitt eige liv.

Men Gud er så uendeleg glad i oss, og verset frå 1. Joh. 4,10  viser oss kvifor me har all grunn til å feire:

Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre.

Og så er det nok, me treng ikkje noko meir. Det treng ikkje gjerast noko meir, og då kjem eg på songen «Det er nok, det som Jesus gjorde» som er skrive av Trygve Bjerkrheim. Eg vil avslutte denne påske-andakten med denne songen:

Det er nok, det som Jesus gjorde,
det er nok, det som han har sagt.
Han har sona di synd, den store,
og deg vunni så rein ei drakt.

Det er nok, det som Jesus gjorde,
om av syndarar størst du er.
Du er beden til bryllupsbordet,
også deg har din Frelsar kjær.

Nei, du treng ikkje lenger tvila,
for hans nåde er nok åt deg.
På eit fullført verk får du kvila,
og så ferdast med fryd din veg.

Det er nok, det som Jesus gjorde,
det i døden og dommen gjeld.
Me vil byggja på nådeordet,
det er berggrunn som evig held.

Bønn
Takk Jesus.
Eg kan aldri få takke deg nok for det du har gjort for meg.
Men likevel kan eg ikkje anna enn å berre seie takk!
Takk for at du døydde for meg, for alle, på korset.
Amen