
Forvirrande skilting
I sist veke gjekk eg meg ein tur på ein stad eg ikkje hadde gått før. Eg hadde eit mål, eit fint utsiktspunkt der eg kunne sjå utover fjorden.
På førehand hadde eg sett på kart-appen som eg har på mobilen, som eg pleier å gjere. Dette var ein forholdsvis kort tur, så eg såg berre raskt kor stien gjekk og tenkte at dette var jo greitt.
Når eg byrja å gå så fant eg fort ut at stien var godt merka, med både skilt og raude merke. Eg hadde ein fin tur, der eg tenkte lite på kor eg gjekk. Eg følgde berre dei raude merkene. Etter kvart så nærma eg meg målet, men ikkje så lenge før eg var framme så kom eg til eit kryss (det er krysset som er på bildet).
Du kan sjå at stien deler seg i to, ein går litt oppover mot høgre og ein går rett fram. Stien var som sagt godt merka, så eg tok sjølvsagt vegen rett fram. Der var det både ein stor raud pil i tillegg til to raude merke på trea rett framfor meg. Eg tenkte ikkje noko meir på vegvalet mitt, det var tydeleg merka kor eg skulle gå. Når eg hadde gått ei stund på denne vegen, så byrja eg å stusse litt. Eg tenkte med meg sjølv at eg trudde nå snart eg skulle vere på utkikkspunktet, eg såg meg rundt, og såg at utkikkspunktet mest sannsynleg var i ein annan retning enn det eg gjekk.
Til slutt måtte eg fram med mobilen å sjekka kartet, og som eg tenkte, eg hadde gått feil. Men stien heldt jo fram vidare frå der eg stod, med raude merke heile vegen. Men målet var ikkje det same på denne stien, det var ikkje der eg skulle. Så den som måtte snu, og gå eit lite stykke tilbake, det var eg. Og når eg kom tilbake til krysset så sjekka eg kartet igjen, og såg at det var faktisk opp til høgre eg skulle ha gått, det var der stien til mitt mål gjekk.
Og viss du ser nøye etter på biletet, så ser du at på baksida av treet med den raude pilen, så heng det ei pil til, og den viser rett veg, men den såg eg ikkje når eg kom frå andre sida.
Når eg var på veg ned igjen til bilen, så tenkte eg at dette må eg bruke i den neste andakten som eg skal skrive.
Eg tenkte på Bibelen. Bibelen er akkurat som eit kart, og målet mitt som kristen er å følgje Jesus, la han få visa meg vegen i mitt liv, heilt fram til det evige livet saman med han. Og så er det ikkje alltid eg ser så nøye på kartet, eg følgjer berre dei raude markeringane.
Sjølv om ting kan bli sagt og gjort i beste meining, den raude pila vart sikkert sett opp i beste meining for dei som ikkje skulle den same vegen som meg, så er det viktig at me går til kartet, til Bibelen for å finna ut kva som er den rette vegen. Gud har gitt oss dette kartet, han har gitt oss Bibelen. Viss me berre så vidt kikkar i den, og berre følgjer markeringane andre har sett for oss, då er det ikkje sikkert at me når målet vårt. Me må heile tida søkja etter svara i Bibelen for å sjå om me er på den rette stien. Det står i Salme 139,23-24:
Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarte, prøv meg og kjenn mine tankar! Sjå om eg følgjer avgudsveg, og lei meg på den evige vegen!
Dette er mi bøn i dag, at Gud må vise meg og leie meg på den evige vegen.
Det er så mange menneske som har sett opp «skilt» som viser kor du bør gå, og sikkert like mange som viser kor du ikkje bør gå. Det er ikkje lett å vite kva som er sant og kva som er rett. Det hang ei raud pil på baksida av treet som eg ikkje såg, det er heldigvis mange menneske som peikar rett veg. Men det er ikkje alltid like godt å skilje dei frå kvarandre, kven er det som viser meg den rette vegen, kven gjer det ikkje? Difor blir oppfordringa i dag er at me alltid må gå til Bibelen når me er i tvil, det som står der er sanninga. Gud veit kva for ein veg som er den beste vegen til målet.
Eg vil avslutte med fire bibelvers som seier noko om kor viktig det som står i Bibelen er:
Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord. Rom. 10,17
Graset tørkar bort, blomen visnar, men ordet frå vår Gud står evig fast. Jes. 40,8
Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.» Matteus 4,4
Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min sti. Salme 119,105
Bønn
Kjære Gud.
Takk for at du har gitt oss Bibelen.
Hjelp oss å gå på den evige veien.
Takk for at du går saman med oss.
Takk for at ditt ord er ei lykt for min fot.
Amen

