Tomt

Har du nokon gong opplevd at det er tomt? Du har brukt så mykje krefter og energi at det berre er heilt tomt? Det skjer vel med oss alle innimellom.

Og då har me forskjellige måtar å fylle opp igjen energilagera våre på. Det kan vere mat, søvn, gå seg ein tur eller det kan vere å gå på besøk til gode vener. Og etter kvart så blir det fylt opp, det er ikkje lengre tomt.

Det er ikkje noko god kjensle å gå tom, så ein prøver å tilpasse kvardagen slik at ein ikkje nærmar seg det nivået der det byrjar å «blinke raudt», der det nærmar seg tomt.

Det er viktig å ikkje gå tomt i forholdet vårt til Jesus, me treng stadig påfyll for at me ikkje skal nærme oss «den raude sona».

I dag vil eg trekkje fram nokre vers som står i Jesaja 55, og eg byrjar med det første verset:

Kom, alle tørste, kom til vatnet! De utan pengar, kom og kjøp korn og et! Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!

Alt kostar, blir det sagt. Ein kan nesten ikkje gjere nokon ting utan at ein må betale for seg. Og maten kostar berre meir og meir, avisene skriv at me er inne i ei «dyrtid», alt har blitt så dyrt i forhold til kva det var før.

Men Bibelen beskriv det annleis i forhold til det den vil gje oss. Kom og kjøp – utan pengar, utan betaling – det er med andre ord gratis! Kva er det så som er gratis, kva er det Jesaja skriv om?

I vers 6 står det:

Søk Herren medan han er å finna, kall på han når han er nær!

Herren er nær, han er å finna, det er gratis, han vil gi oss «mat» slik at me ikkje går heilt tomme. Det kjem ein dag då det er for seint, men no, no er Herren å finna. Jesus har betalt for oss når han døydde på korset for vår skuld, han betalte for oss, derfor er det gratis. Me må berre takke ja.

Og så er det av og til så vanskeleg å forstå, kvifor står det sånn eller sånn i Bibelen. Ja, men det kan jo ikkje stemme? Det kan jo ikkje vere gratis, eg må jo gjere noko for å få kjøpe denne maten? I vers 8 og 9 står det:

For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, seier Herren. Som himmelen er høgt over jorda, slik er mine vegar høgt over dykkar vegar og mine tankar høgt over dykkar tankar.

Me vil så gjere at alt skal vere logisk, me skal kunne forklare ting ut frå vår menneskelege fornuft. Men Gud sine tankar er ikkje like våre tankar, og Gud sine vegar er ikkje like våre vegar.

Og så, dei neste to versa i Jesaja 55, vers 10-11:

For lik regn og snø som fell frå himmelen og ikkje vender attende dit før dei har vatna jorda, gjort henne fruktsam og fått henne til å spira, gjeve såkorn til den som skal så, og brød til den som skal eta, slik er mitt ord som går ut or min munn: Det vender ikkje tomt attende til meg, men gjer det eg vil og fullfører det eg sender det til.

Akkurat som regnet som væter jorda, som gjer at det spirar og gror, slik er det med ordet frå Gud, det som står i Bibelen, det vender ikkje tomt tilbake til Gud. Guds ord gjer at det ikkje blir tomt i lagera våre, i forholdet vårt til Gud. Me må leggje opp kvardagen slik at me får påfyll, slik at me ikkje nærmar oss «den raude sona», slik at det ikkje går tomt. Kom og kjøp utan pengar!

Eg vil følgje Gud sine vegar, sjølv om eg ikkje ser heilt kor dei går, tankane hans er så mykje betre og høgare enn mine tankar. Han har oversikt, han har kontroll, hos han kan eg verkeleg få påfyll av det som betyr noko slik at eg aldri nokon gong går tom.

Ein annan stad i Jesaja står det, i Jesaja 58,11:

Herren skal alltid leia deg og metta sjela di i det tørre landet. Han skal styrkja kroppen din så du blir som ein vassrik hage, ei kjelde der vatnet aldri sviktar.

Det kan opplevast som landskapet rundt oss er ganske tørt til tider, men Gud har fleire stader i Bibelen lova at han skal vera med, han skal leia oss, han skal styrkja oss. Som ein vassrik hage midt i det tørre landet.

Eg fann fram første verset av songen «Herre, til deg får jeg komme», songen er skrive av Christer Hultgren og er oversett til norsk av Vidar Kristensen:

Herre, til deg får jeg komme,
stille meg åpen for deg.
Jeg kan ikke skjule det minste,
du kjenner hver tanke i meg.
Men enda du vet om min skrøpelighet,
får jeg likevel komme som jeg er.
All din tale er sann,
og den gjør at jeg kan
være trygg på at du har meg kjær.

Bønn
Takk for at du bryr deg om meg.
Takk for at me kan koma til deg akkurat som me er.
Takk for Bibelen.
Hjelp oss til å fylle på av ditt ord slik at me ikkje går tomme.
Takk for at du er med oss på vegen.
Amen