
Han tek ikkje glansen av livet
I dag har eg funne fram ein song som er sunge mykje på bedehusa rundt om i Norge. Når ein stansar opp for innhaldet i denne songen, så er det ein fantastisk fin tekst.
Songen er skrive av Trygve Bjerkrheim og heiter «Han tek ikkje glansen av livet».
Han tek ikkje glansen av livet,
den frelsar som kallar på deg.
Først då kan for alvor du leva
når han får deg fylgja på veg.
Du høyrer dei dårande røyster
som lovar deg gullglim og glans,
men ingen legg lys over vegen
som Jesus og kjærleiken hans.
Han hjelper i brattaste bakkar
og stør deg når vegen vert smal.
Han signar dei sollyse sletter
og lyser i dødsskuggens dal.
Han fører deg frelst over fjorden,
heilt fram til den himmelske strand.
Når døden sin brotsjø du møter,
vil Jesus dra båten i land.
Han tek ikkje glansen av livet,
han gyller din morgon og kveld
og opnar ei dør til dei salar
der æveleg høgtid du held.
I Johannes 8,12 står det: Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.»
Ingenting legg lys over vegen vi går, som Jesus og kjærleiken hans.
Bønn
Takk Jesus.
Takk for at me kan få høyre deg til.
Takk for at du lyser opp vår veg.
Takk for at sjølve livet, det er saman med deg.
Amen

