På veg til Emmaus

Jesus har stått opp!

Grava er tom!

Han lever!

Halleluja!

Fire korte setningar, som kvar fortener sitt eige utropsteikn. Det er store ting, Jesus lever, i dag! Nokre menneske vil kalla det eit eventyr, at det er oppdikta. Men det er så langt frå sanninga som du kan koma, det er sant! Tenk det.

I Lukas står det om to menn, to læresveinar, som var på veg til ein landsby som heitte Emmaus. Dei snakka saman om alt som hadde hendt, og dei forstår det ikkje heilt. Det er ein litt lang tekst, men eg har lyst å ta med meg heile. Teksten finn du i Lukas 24,13-35:

Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadiar frå Jerusalem, og dei snakka om alt det som hadde hendt. Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei. Men augene deira vart hindra i å sjå, så dei ikkje kjende han att. «Kva er det de går og talar med kvarandre om?» spurde han. Då stansa dei, fulle av sorg. Den eine, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste framande i Jerusalem som ikkje veit kva som har hendt der desse siste dagane.» «Kva er det?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret», svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket. Men overprestane og rådsherrane våre utleverte han, fekk dømt han til døden og krossfeste han. Og vi som hadde vona at han var den som skulle setja Israel fri! Men no er det alt tredje dagen sidan dette hende, og nokre kvinner blant oss har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava og fann ikkje kroppen hans, men dei kom tilbake og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever. Nokre av våre folk gjekk då ut til grava, og dei fann det nett slik som kvinnene hadde sagt, men han sjølv såg dei ikkje.»

Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?» Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane.

Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, gjorde han som han ville gå vidare. Men dei bad han inntrengjande og sa: «Ver ho oss! Det kveldar, og dagen er på hell.» Då gjekk han inn og gav seg til hos dei. Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei. Dei sa til kvarandre: «Brann ikkje hjartet i oss då han tala til oss på vegen og opna skriftene for oss?» Og dei tok ut med ein gong og gjekk tilbake til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla, og desse sa: «Herren er sanneleg stått opp og har synt seg for Simon.» Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.

Tenk for ei oppleving. Her går desse to mennene, og er både leie seg og forvirra over alt det som har skjedd dei siste dagane. Jesus var død, han vart lagt i grava. Men no finn dei ikkje kroppen, dei forstår ikkje heilt kva som kan ha skjedd.

Og så kjem det ein mann dei ikkje klarer å kjenne att, ein som tilsynelatande ikkje har fått med seg noko av det som har skjedd i Jerusalem. Kva gjer Jesus når dei deler sin frustrasjon og sine spørsmål med han? Jesus går til det gamle testamentet, han viser dei stadene i der det står om Messias i skriftene.

Her viser Jesus oss, på ein fantastisk god måte, korleis me skal gjere det når me opplever frustrasjon, når me har våre spørsmål og lurer på våre kvifor. Me må gå til Bibelen for å finne svara. Me kan heller ikkje sjå Jesus, akkurat som desse mennene, men Jesus er midt i blant oss likevel. Han går med oss på vegen, og viss me lar han få lov, så vil han vise oss vegen me skal vandre vidare, saman med han.

Jesus seier til Tomas i Johannes 20,29, også det etter at han har stått opp igjen: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.»

Me kan ikkje sjå Jesus, sånn reint fysisk, slik som Tomas og dei andre læresveinane gjorde. Men me kan likevel få lov til å tru på han og erfare hans nærvær. Jesus viser mennene på veg til Emmaus, at me kan finne svaret på mykje av det me lurer på i skriftene, i Bibelen. Der kan me få hjelp til trua vår, sjølv om me ikkje ser.

Mennene i Emmaus fekk sjå Jesus, og forstod at det var han med det same han braut brødet. Dei gjekk tilbake til Jerusalem med ein gong, dette måtte dei fortelje til dei andre.

Til slutt i dag vil eg ta med meg første vers av songen «Å, salige stund uten like», skrive av Johan Halmrast i 1890:

Å salige stund uten like,
han lever, han lever ennu!
Han vandrer i seierens rike,
min sjel, hvorfor sørger da du?
Han er ikke lenger i graven,
hvor bleknet i døden han lå;
Jeg levende så ham i haven,
og aldri så skjønn jeg ham så.

Bønn
Takk Jesus, for at du overvant døden.
Takk for at du stod opp frå grava.
Takk for at me har fått Bibelen.
Takk for at du møter oss der.
Hjelp oss å dele ditt ord med andre.
Amen