
På vegen
Sist veke skreiv eg om mennene som var på veg til Emmaus, og som fekk Jesus med seg på vegen. Eg er ikkje heilt ferdig med å vere på vegen, ein blir vel i grunnen ikkje ferdig med det nokon gong sidan ein alltid er på veg ein eller annan stad.
«Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen.» Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?» Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.» Joh. 14,1-6
Eg har den siste tida tenkt litt ekstra over desse bibelversa, og då særleg det siste der Jesus seier at han er vegen, sanninga og livet. Korleis er denne vegen saman med Jesus?
Vegen kan sjå ganske lik ut som andre vegar, men det er ein stor forskjell. Det er at dei som går på denne vegen går saman med Jesus. Tomas spør Jesus om kor denne vegen går, han veit ikkje korleis han skal finne fram. Det er då Jesus peikar på seg sjølv og seier at han er vegen.
Me må sjå på Jesus, me må stole på at han veit best. Ingen kjem til Gud utan gjennom Jesus.
Fanny Crosby har skrive det så fint i dette verset:
Hele veien går han med meg,
å, hva kan jeg ønske mer?
Kan jeg tvile på hans godhet
når hans ledelse jeg ser?
Lat ikkje hjartet dykkar uroast seier Jesus til læresveinane, og han seier det same til oss nå i dag. Tru på Gud og tru på meg. Då kan me møte det livet har å by på, både av gode og vonde dagar, saman med Jesus. Og me kan stole på at han alltid (!!!) vil vere der saman med oss.
David André Østby har sagt følgjande: «I løpet av vandringen vil dine skritt enten føre deg nærmere eller lenger bort fra Jesus. Det handler ikke så mye om hvor på veien du befinner deg, men i hvilken retning du beveger deg.»
Me opplever ulike ting i livet, og me er på ulike stader. Men eg håper at me kan ha blikket vårt festa på Jesus slik at me har den rette retninga.
Bønn
Kjære Jesus.
Hjelp meg å ha blikket festa på deg.
Takk for at du har vist oss vegen me kan gå.
Takk for at me kan stole på at du er med.
Amen

