
Som eg er
Fram mot sommaren kjem du kanskje til å merke at andaktane nokre gonger blir litt kortare enn vanleg. Grunnen til det er rett og slett kapasitet frå mi side. Eg har mykje som skjer både i april og mai, og i staden for å ta ein tidleg sommarferie frå nettsida, vil eg heller justere andaktane litt.
Derfor vil eg framover dele i ein song eller eit vers frå songboka som utgangspunkt for ein liten andakt.
I dag har eg funne fram eit vers frå songen «Herre, til deg får jeg komme» som er skrive av Christer Hultgren og omsett til norsk av Vidar Kristensen.
Herre, til deg får jeg komme,
stille meg åpen for deg.
Jeg kan ikke skjule det minste,
du kjenner hver tanke i meg.
Men enda du vet om min skrøpelighet,
får jeg likevel komme som jeg er.
All din tale er sann, og den gjør at jeg kan
være trygg på at du har meg kjær.
Me kan koma til Gud akkurat som me er, han kjenner oss og veit kva me treng før me veit det sjølv. Det Gud seier i Bibelen er sant, og som det står i siste strofe i verset, det gjer at eg kan vere trygg på at han er glad i akkurat meg – fordi det står det i Bibelen!
Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Matt. 11,28
Bønn
Kjære Gud.
Takk for at eg kan koma til deg med alt.
Takk for at du tek imot meg, og at eg kan kvile hos deg.
Takk for at du er glad i meg.
Amen

