
Ein løvetann
Eg leste for ei lita tid tilbake eit dikt av Haldis Reigstad, diktet hadde overskrifta «Løvetannmisjon». Dette diktet er utgangspunktet for andakten min i dag:
Ein frodig liten løvetann,
så sorglaus, gul og god,
fann husrom midt i vegbana
der ingenting kan gro.
Han såg ei lita opning
midt i asfaltjungelen,
og ingenting i verda
kan halda han igjen.
Han breidde sine kronblad ut
og smilte som ei sol.
Og natta var han levegg
for ein liten blåfiol.
Dei andre følgde etter
der den eine viste veg.
Og snart var grøftekanten full
av sol til deg og meg.
Ein frodig liten løvetann
fann åker overalt.
Han strødde frøa sine ut,
om det var surt og kaldt.
Med same pågangsmotet
og med same tru og von,
kan Herrens trubadurar
driva løvetannmisjon.
I Forkynnaren 11,6 så står det:
Så ditt såkorn om morgonen, og lat ikkje handa kvila mot kveld. Du veit då ikkje kva som vil lukkast, det eine eller det andre, eller om begge delar er like gode.
Sjølv om eg ikkje alltid kjenner meg så frimodig, så synes eg det var veldig fint å lese dette diktet. Det er ikkje alltid like lett å finne «opningar» til å dele noko om Jesus. Men sjølv om det kan sjå ut som det er asfalt over alt, så kan likevel eit frø klare å trengje gjennom eit lite hol i asfalten, slik at det får spire og gro. Men viss ikkje frøet hadde blitt spreidd utover, så hadde heller ikkje blomen fått spira.
Det er ikkje alltid det er så mykje som skal til. Verset i Forkynnaren fortel oss om at me må så såkorn rundt oss, me veit ikkje kva som kjem til å lukkast. Men det treng heldigvis ikkje me bekymre oss over, det er Gud som gjev vekst.
Og så passar det å ta med seg versa som står i Matteus 6,27-30:
Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!
Eg trur at viss eg berre er open for at Gud kan lede meg i kvardagen, då treng eg ikkje gå rundt å bekymre meg om eg er frimodig nok eller ikkje. Blomane strever ikkje, men dei veks likevel. Me treng ikkje streve, Gud er med oss uansett. Og så er det utruleg spennande å få vere ei lita brikke i Guds store puslespel, eg ser berre deler av puslespelet der eg står. Men Gud, han ser det store bilete, han veit korleis det vil sjå ut til slutt. Det er eg så uendeleg glad og takknemleg for.
Bønn
Kjære Gud.
Takk for at du er med kvar dag.
Takk for at du bryr deg om meg.
Hjelp meg å dele ditt ord med andre.
Vis meg vegen du vil eg skal gå.
Amen

