Eit løfte

Tenk deg at du har gitt eit løfte til ein person. Dei aller fleste av oss vil gjere slik som ein har lova å gjere, det å bryte eit løfte det er det ikkje mange som likar å gjere.

I Bibelen står det om utruleg mange løfte frå Gud. Og til forskjell frå oss menneske, Gud kjem aldri til å bryta eit einaste løfte som han har gitt.

Songen eg har funne i dag er «Dine løfter er mange», og er skrive av Sigurd Lunde, eg tek med meg første vers saman med refrenget.

Dine løfter er mange, din trofasthet stor,
vi vil takke, vi vil lovprise deg.
Du vår Skaper som elsker oss alle på jord,
og vet nøye om vår vandring og vei.

Herre, led du oss frem, la oss bli til hjelp for dem
som du viser oss trenger en hånd!
Gi oss lys til å se, gi oss vilje til å be:
Herre Gud, fyll vårt liv med din Ånd!

I Hebrearane 10,23 står det: Lat oss halda urokkeleg fast på vedkjenninga av vona, for han som gav lovnaden, er trufast.

I bokmålutgåva til Norsk Bibel står det sånn: La oss holde urokkelig fast ved bekjennelsen av vårt håp, for han er trofast som gav løftet.

La oss halda, ikkje litt fast, men urokkeleg fast på trua vår, for Gud er trufast, det er han som har gitt løftene.

Bønn
Kjære Gud
Takk for at me kan stole 100% på deg.
Takk for at det som står i Bibelen er sant.
Takk for dine løfte.
Amen