
Fagert er landet
Feiringa av nasjonaldagen vår er rett rundt hjørne, hipp hipp hurra!
Me er heldige som får bu i eit fritt land, eit land der me framleis kan seie det ein meiner utan at ein risikerer å bli straffa for det. Det er det slett ikkje alle menneske i verda som kan.
Men me må be for landet vårt, me må be for dei som styrer. Me må ikkje ta fridomen vår som ein sjølvsagt ting. La oss særleg no, men gjennom heile året, vere med å be for Norge, for at det framleis kan vere eit fritt og godt land å bu i for alle. At ein ikkje blir sett ned på om ein meiner noko som fleirtalet ikkje meiner.
Eg likar songen «Fagert er landet» godt, den er skrive av Anders Hovden. Eg tek med meg det første og siste verset i dag.
Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud;
såleis di åsyn lyser, Gud,
over vårt Noreg i nåde.
Signa då, Gud, vårt folk og land,
signa vårt strev og vår møde,
signa kvar ærleg arbeidshand,
signa vår åker med grøde!
Gud, utan deg den vesle urt
veiknar og visnar, bleiknar bort,
ver du oss ljoset og livet!
I Salme 127,1 står det: Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene fåfengt. Dersom Herren ikkje vaktar byen, vaker vaktmannen fåfengt.
La oss ta med oss Gud inn i nasjonaldagen og inn i kvardagen. Utan han kan me ingenting gjera.
Bønn
Kjære Jesus.
Eg ber for Norge.
Eg ber for dei som styrer, at dei må ta gode avgjerder.
Eg ber om at me også framover, kan leva i eit fritt og trygt land.
Eg ber for alle menneske som ikkje har denne tryggleiken, ver med dei.
Amen

