
I tru
Har du nokon gong lest kapittel 11 i Hebrearbrevet? Mange av avsnitta i dette kapittelet startar med desse to orda: «I tru».
I vers 3 står det: I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.
Dette er ikkje noko subjektivt, som kvar og ein kan velje om er sant eller ikkje. Verda er skapt av Gud, ho har ikkje oppstått tilfeldig. Og gjennom å lese Bibelen så skjønar ein at det er sant, det er ikkje noko anna sanning.
Opp gjennom Bibelhistoria så har mange av personane det står skrive om handla i tru, i tru på at Gud veit best, at han kan dei stole på.
Les gjerne heile kapittel 11 i Hebrearane, der står det mellom anna om Noah, Abraham, Sara, Moses og fleire. Dei handla i tru på Gud.
Så kjem forfattaren til vers 32, og det verkar nesten som han blir litt overvelda av alle desse personane som stolte på Gud, han får jo ikkje plass til å skrive utførleg om alle, så då tek han ei oppsummering:
Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane. Ved tru vann dei over kongerike, heldt oppe retten, fekk lovnader oppfylte, lukka gapet på løver, sløkte veldig eld, slapp unna bitande sverd, vart sterke i krig og slo fiendehærar på flukt. Kvinner fekk tilbake sine døde; dei hadde stått opp. Nokre vart torturerte og sa nei til å bli kjøpte fri, for dei ville heller nå fram til ei betre oppstode. Andre laut tola spott og piskeslag, ja, til og med lenkjer og fengsel.
Så kjenner eg på at eg kan bli litt mismodig når nokre her i Norge rakkar ned på det eg trur på, sårar trua mi med orda sine. Men det er nå vel ingenting i forhold til det desse personane i Bibelen har møtt, det er ingenting i forhold til det kristne andre stader i verda opplever. Folk er redde for liva sine når dei samlast for å dele Guds ord.
Lat oss takka for at Bibelen gir oss alle desse trusheltane som me kan lese om, som trass motgang, følgjer Gud og hans ord.
Og så kjem det så fantastisk fint i dei tre første versa i kapittel 12:
Difor, når vi har så stor ei sky av vitne kring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og halda ut i det løpet som ligg framfor oss, med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar. For å få den gleda som venta, heldt han ut på krossen utan å bry seg om skamma, og han har sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje trøytnar og blir motlause.
Eit stor sky av vitne, me kan sjå på andre som har erfart at Gud er med gjennom livet, trass motgang og tunge dagar. Her blir me oppfordra til å leggja av det som tyngjer, synda vår. Me må halde ut i det løpet som ligg framfor oss. Korleis gjer me det? Me må ha blikket festa på Jesus, han er opphavet, han skal fullføre reisa vår til det evige livet saman med han.
Når me har blikket på Jesus, så hjelper det oss til å ikkje trøytne og bli motlause.
Til slutt i dag tar eg med meg første vers og refrenget frå songen «Hald blikket festa på Jesus», songen er skrive av Hans Johan Sagrusten.
Hald blikket festa på Jesus
når du med Peter er langt ifrå land.
Når alt ikring deg er stormver,
og du går under, lyft blikket mot han!
Hald blikket festa på Jesus,
for Jesu auge er festa på deg!
Han ser di fortid og framtid,
han kjenner vegen du går, steg for steg.
Hans hjarte bankar i kjærleik til deg,
han gjer deg sterk, og han stør dine steg.
Han gjev deg kall til å vandre din veg
med blikket festa på Jesus.
Bønn
Kjære Jesus
Takk for alle personane me kan lese om i Bibelen.
Hjelp meg til å ha blikket festa på deg.
Takk for at du er med gjennom alt.
Eg ber for dei i verda som blir forfølgde for den kristne trua si.
Takk for at eg kan stole på at ditt ord er sant.
Amen

