
Ved Jesu føter
I dag har eg stoppa opp ved første verset av songen «Sittende ved Jesu føtter», som først vart skriven av Lina Sandell, og så litt seinare omsett til norsk.
Sittende ved Jesu føtter
lytter jeg til livets ord.
Å få sitte hos min Frelser
er den beste plass på jord.
Sittende ved Jesu føtter
drikker jeg av kilden klar,
og Guds kjærlighet meg varmer,
den mitt hjerte funnet har.
Eg har meir enn ein gong blitt minna på å setje meg ned, ta meg tid til å lese frå Guds ord, frå Bibelen. Det er ikkje kvar gong det blir så lenge, men det å få sitje hos Jesus å ta imot, det er ein god plass å vere. Og då kjem eg på Maria som valgte å setje seg ned hos Jesus, ho valgte den gode del:
Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok i mot han. Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi let meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.» Lukas 10,38-42
Eg håpar at me ikkje blir så travle, at me ikkje har tid til å setje oss ned ved Jesu føter.
Bønn
Takk Jesus for at du alltid er der.
Takk for at du alltid har tid.
Hjelp oss å velge den gode delen.
Hjelp oss til å prioritere tid saman med deg.
Amen

