Fredstid

Ei litt merkeleg overskrift tenkjer du kanskje, for det er vel ikkje akkurat fred ein tenkjer på når ein oppdaterer seg på nyheitene for tida. Det er så mange menneske rundt om i verda som opplever både krig og forfølging, la oss be for desse menneska, alle er høgt elska av Gud.

Andakten i dag er den siste før eg tek meg ein sommarferie frå å skrive andakter her på nettsida. Og eg må få takke alle som er innom på Fjellvatnet.no, takk for forbønn og takk for gode ord. Eg er så takknemleg for at Gud kan bruke meg på denne måten, når kreftene mine ikkje strekk til på andre område.

Og for dei som lurer, så er eg tilbake 22. august med nye andaktar. I mellomtida blir det lagt ut «gamle» andaktar kvar torsdag, så det er berre å klikke seg innom nettsida i løpet av sommaren og.

Men tilbake til overskrifta mi; fredstid. Kva har eg tenkt på her?

For dei som har lest andaktane mine i vinter, så veit de at eg skreiv nokre andaktar i slutten av februar som hadde overskrifta «Fredstankar». Og overskrifta i dag er i grunnen ei lita forlenging av det eg skreiv då.

Eg har framleis kraftig redusert hørsel, og utan høyreapparat så har eg ikkje sjans til å høyra noko som helst. Men eg er så glad for at det er hjelp å få. Både i forhold til høyreapparat og andre hjelpemiddel i kvardagen, men og i forhold til alle dei flotte menneska eg møter på sjukehus og andre stader, som ønskjer å hjelpe meg så best som dei kan. Me kan kanskje klage på ventetider og kapasitetsproblem, men eg opplever at det er utruleg mange flotte folk rundt omkring. Det er eg veldig takknemleg for.

Eit av favorittbibelversa mine, som eg stadig kjem tilbake til, både for eigen del, men og her på nettsida mi, er bibelverset som står i Johannes 14,27:

Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, eg ver ikkje motlause!

Verda kan gi fred, i form av at det ikkje er krig. Og det må me både håpa og be om. Men uavhengig av om det er fred her på jorda, så vil Jesus gi oss ein annan type fred. Ein fred som i grunnen ikkje kan beskrivast fullt ut, den må berre opplevast. Og ein kan faktisk få kjenne på denne freden midt i det som er vondt, midt i det som er vanskeleg og utfordrande. For Jesus sin fred er så annleis.

Å jo da, eg kan både uroe meg og vere motlaus, men når eg lar Jesus sin fred fylle meg, då forsvinn faktisk både uro og motløyse.

Eg har opplevd ei fredstid i forhold til mine helseutfordringar. Ballen har byrja å rulle i forhold til behandling og andre ting eg skal gjennom. Men eg prøver å legge alt det hos Jesus, så er eg sikker på at han nok ein gong vil gi meg av sin fred.

Oppfordringa mi i sommar, både til meg sjølv og til deg som les andakten, er å la sommaren bli ei fredstid saman med Jesus. Det kan vere storm rundt oss, det kan vere mykje som skjer, men la oss likevel søke Jesus og hans fred. Det er den beste plassen å vera.

Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.  Fil. 4,7

Med ønske om ein god sommar og Guds fred på vegen!

Bønn
Takk for at me kan få leggje alt i dine hender.
Takk for at du er med når me har det godt.
Takk for at du er med når me har det vondt.
Hjelp oss å søkje deg.
Takk for at du vil gje oss av din fred.
Amen