
Skaparverket
Når eg står på ein fjelltopp og ser utover landskapet rundt, ser eg på fantastiske bevis på Guds eksistens. At alt dette vakre har blitt til utan at nokon står bak, det er for meg heilt umogleg å tru på. Eg er overbevist om at Gud har skapt verda, at han har skapt oss menneske.
I Kolossarane 1,16 står det:
For i han vart alt skapt, i himmelen og på jorda, det synlege og det usynlege, troner og herredøme, makter og åndskrefter – ved han og til han er alt skapt.
Alt er skapt ved Gud, ingenting er tilfeldig. Og når eg står på denne toppen og ser utover eit mektig landskap, då kan eg kanskje kjenne på at eg er veldig liten i denne store samanhengen. Men akkurat då kan eg likevel ta fram det som står i Salme 100,3:
Kjenn at Herren er Gud! Han har skapt oss, vi er hans, vi er hans folk og den flokken han gjeter.
Eg skal få kjenne på at Herren er Gud. Når han har makt og krefter til å skape noko så fantastisk flott som naturen rundt oss, så kan eg samtidig tenkje på at han og har skapt meg. Og sjølv om eg kan kjenne meg liten i det store skaparverket, så har han likevel skapt akkurat meg. Eg kan få kjenne på at eg er hans, han passar på meg. Og som det står i Matteus 6,26:
Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?
Midt i verda, midt i skaparverket, står eg og speidar utover. Eg treng ikkje rope og lure på kor Gud er, han er rett ved sida mi. Han passar på meg, han bryr seg om akkurat meg. Me er uendeleg verdifulle for Gud.
Eg avsluttar andakten i dag med eit sitat frå Augustin: «For du har skapt oss til deg, og vårt hjarte er uroleg til det finn kvile di deg.»
Bønn
Kjære Gud.
Takk for alt det flotte du har skapt.
Takk for at du har skapt meg.
Takk for at du bryr deg om meg.
Hjelp meg til å finne kvile hos deg.
Amen

