
Trygg
Då er sommaren forbi, og eg gler meg til å skrive andaktar igjen her på Fjellvatnet.no. Eg legg hausten og året i Guds hender, og ber om at han må vise meg det eg skal formidle her på nettsida. Når eg skriv får eg mykje ut av det for eigen del, men eg håper og at du som les kan få nokre glimt frå Gud gjennom det du les.
I dag har eg valgt overskrifta «Trygg». Eg synes det er ein flott måte å starte hausten på, eg er trygg.
For alle dei som ikkje kjenner seg trygge rundt om i verda akkurat no, så kunne sikkert denne overskrifta verke både urealistisk og provoserande. «Fint at du er trygg, men eg kan i alle fall ikkje vere trygg slik situasjonen er.» Og me må be for dei som lir, dei som ikkje har det godt i dei mange konfliktane som finst på denne jorda. Me må be om at leiarane kan finne løysningar, slik at dei menneska som bur i desse områda, kan kjenne seg trygge.
Men når eg i dag skriv om tryggleik, så er det ikkje den jordiske tryggleiken eg tenkjer på, den er avhengig av kor du bur, kven du har rundt deg og korleis situasjonen i landet ditt er. Nei, den tryggleiken eg tenkjer på i dag, den kan alle få tak i.
Nokre gonger kan ein bli mismodig når ein les nyheitene om alt det vonde me menneske klarer å gjere mot kvarandre, både i og utanfor Norge. Men når eg kjenner på dette, så prøver eg å gå til Guds ord, til Bibelen, og lese det som står der. Midt i alt som skjer, så er Gud der, sjølv om han nokre gonger kan kjennast langt borte, så er han der like ved sida mi – like ved sida di.
Gud gir meg ein himmelsk tryggleik som ingen andre kan gi meg. Det synest eg er fantastisk godt å kunne kjenne på når livet stormar rundt meg. Eg er trygg heilt inn i evigheten, eg skal få kalle meg eit Guds barn.
Sjå for deg eit lite barn på 1-2 år, er ute på tur saman med foreldra sine. Men brått så oppdagar barnet at det har gått litt langt unna foreldra. Då kan han eller ho kjenne på redsel, og det er ikkje sikkert tårene er så langt unna. Men når då foreldra dukkar opp igjen, og barnet kan krype opp i fanget til ein av dei, og kjenne på tryggleiken og varmen. Heldigvis, mor og far har kontroll, eg er trygg.
Slik er det med Gud, han har kontroll. Det er så godt å kjenne på midt i ei uroleg verd, eg er trygg hos Han.
Bibelverset i dag er henta frå Salme 73, 23-24:
Men eg blir alltid verande hos deg, du har gripe mi høgre hand. Du leier meg med ditt råd, og sidan tek du imot meg i herlegdom.
Desse to korte versa gir oss 4 flotte haldepunkt å ta med oss vidare inn i hausten:
- Gud blir alltid verande hos meg.
- Han har gripe handa mi.
- Han leier meg med sine råd.
- Og til slutt tek han imot meg i herlegdom.
Difor kjenner eg, trass alt som skjer rundt meg, eg er trygg!
Til slutt vil eg dele dei to første versa frå eit av Haldis Reigstad sine dikt, «Du er trygg når med Jesus du går»:
Du er trygg når du vandrar med Jesus,
du er trygg i hans mektige hand.
Du har fullkomen fred i din Frelsar,
du er bunden med kjærleikens band.
Om du sørgjer eller ler,
like trygg hos han du er.
Sjølv om livet gir skrammer og sår,
du er trygg når med Jesus du går.
Du som her tar di tilflukt til Jesus,
du skal leva til æveleg tid.
Han vil føra deg trygt fram mot målet,
til di vandring ein dag er forbi.
Når det mørknar på din veg,
tenner Jesus lys for deg.
Til du heime i himmelen står,
du er trygg når med Jesus du går.
Bønn
Takk Gud, for at eg skal få kjenne meg trygg.
Eg ber for alle i verda som ikkje har det godt, ver du nær.
Eg takker for at du held fast i handa mi.
Takk for ditt ord i Bibelen.
Amen
