
Tydeleg
«Hei, kan du fortelje meg vegen til biblioteket?»
«Ja, sjølvsagt kan eg det. Du tek berre første vegen framover her, så går du forbi ei gammal bru, den skal du ikkje over, men så må du ta til høgre rette etter brua, men før det så kan det hende du støter på ein sint hund, den står som regel i band. Og så må du etter du har kome så langt gå litt framover, før du tek to gonger til venstre etter krysset, og så er må du sjå etter eit grønt skilt, der skal du gå opp ein bakke, etter bakken er det eit gult hus. Det huset skal du ha på di venstre side, etter at du har svinga til høgre. Når du kjem rundt ein liten fjellknaus etter det, så ser du biblioteket.»
Hadde du funne fram viss du hadde fått denne beskrivinga av vegen til biblioteket? Det er ikkje alltid like lett å gi klare og tydelege beskrivingar av ein veg slik at mottakaren forstår kor ein skal gå.
Eg har gjennom sommaren tenkt ein del på det å vere tydeleg. Når ein skal beskrive ein veg, hjelper det å vere tydeleg på kor vegen går. I forhold til det å vere kristen, å tru på Jesus, så synes eg at det er litt for mange utydelege stemmer. Og når nokon kanskje framstår som tydelege, så legg dei ikkje det Gud seier i Bibelen til grunn for det dei har å fortelje. Kva skal ein tru på? Kven skal ein tru på?
Eg trur, ja eg er sikker på, at me må sjå på kva Gud seier, me må sjå på kva som står i Bibelen. Det blir så fort menneskelege tankar som blandar seg inn; ja det verkar jo fornuftig, Gud kan jo ikkje ha meint det slik…..
I Apostelgjerningane seier Peter når han står framfor dei jødiske rådsherrane som slett ikkje meinte at Jesus var den Messias som skulle koma:
Det er ikkje frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved. Apg. 4,12
Det er ikkje frelse i nokon annan, det er ingen annan veg! Her er Peter svært tydeleg. Jesus seier det og mange stader i Bibelen, to av dei mest kjende er kanskje desse:
For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Joh. 3,16
Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.» Joh. 14,6
Ingen av oss er perfekte, så eg klarer ikkje alltid å vere så tydeleg som eg har lyst å vere. Men eg har eit ønske om å vere tydeleg, ikkje fordi eg skal vise for alle andre at eg har rett, men fordi Gud har rett, han er tydeleg på kva som må til for å kome til himmelen. Og det er ingen kronglete veg slik at det er fort gjort å gå seg vill, nei det er éin veg, rett fram, gjennom Jesus. Så er du framme.
Og så synes ikkje alltid eg heller at alt som står i Bibelen er like enkelt å forstå, men Gud har ein overordna plan, han veit. Han veit kva som er best for meg, ja til og med betre enn eg veit sjølv. Eg må berre halde meg nær han som har alle svar, der synes eg det er både trygt og godt å vere.
Eg avsluttar andakten i dag med eit refreng frå ein artist som heiter Bryan Fowler.
Oh Lord help my unbelief.
Through all this You’re showing me
that I need truth instead of answers,
I need faith instead of sight,
I need trust when I can’t find the reasons why.
I need presence over blessings,
I need promise over proof,
I need hope instead of healing in my life.
What I really need is You!”
Me treng sanninga, me treng Gud!
Bønn
Takk for at du er glad i oss.
Takk for at du har gitt oss Bibelen.
Takk for at du har gitt oss vegen fram til deg.
Hjelp meg å dele ditt ord sant og rett.
Amen

