
Levande ord
I dag vil eg ta utgangspunkt i verset som står i Hebrearbrevet 4,12:
For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet.
Bibelen er ikkje lik ei kva som helst anna bok, det er Guds ord til oss menneske. Det er levande og verksamt står det.
Eit ord kan vel ikkje vere levande tenkjer du, men det er akkurat her Bibelen er så forskjellig frå andre bøker. Når me les i Bibelen så vil Den Heilage Ande hjelpe oss til å ta til oss det som står, og med god hjelp frå Anden kan me få lov til å oppdage dei fantastiske skattane i Bibelen.
Guds ord er skarpare enn det skarpaste sverd, det trengjer seg like inn til hjarta vårt.
Kapittel 55 i Jesaja er eit fantastisk kapittel, ta deg gjerne tid til å lese heile. Men eg vil i dag ta med meg vers 10 og 11:
For lik regn og snø som fell frå himmelen og ikkje vender attende dit før dei har vatna jorda, gjort henne fruktsam og fått henne til å spira, gjeve såkorn til den som skal så, og brød til den som skal eta, slik er mitt ord som går ut or min munn: Det vender ikkje tomt attende til meg, men gjer det eg vil og fullfører det eg sender det til.
Når me tek oss tid til å lese i Bibelen, så får me noko tilbake. Guds ord vender ikkje tomt tilbake, ordet gjer jorda fruktsam, får det til å spira og gir såkorn til den som skal så og brød til den som skal eta. Noko for ein kvar altså, eg synest det er flott å lese. Det er noko i Bibelen for alle menneske, i alle livssituasjonar og i alle aldrar.
Og så må me passe på at menneskeorda ikkje blandar seg inn i Guds ord. Er me i tvil på kva som er sant og rett, så må me gå til kjelda – til Bibelen. Nokre meiner at det som står i Bibelen ikkje er like aktuelt i dag, men til meir eg les til meir ser eg at det er like aktuelt i dag som før, ja kanskje til og med meir aktuelt.
Guds ord er levande og verksamt, det vender ikkje tomt tilbake.
Takk!
Bønn
Takk Gud for ditt ord.
Takk for at du har gitt oss Bibelen.
Takk for Anden som helper oss når me les.
Sjølv om eg ikkje forstår alt, takk for at du veit!
Amen

