Lysforurensing

Stjernehimmelen er fantastisk fin å sjå på. Det å stå ein kveld å sjå opp mot stjernene, og tenkje over kor utruleg langt vekke stjernene du ser er. Ja ein kjenner seg ikkje så stor, men då er det fint å lese frå Salme 8, 4-10:

Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,
kva er då eit menneske – at du hugsar på det,
eit menneskebarn – at du tek deg av det?

Du sette han lite lågare enn Gud
og krona han med herlegdom og ære.
Du sette han til herre over det dine hender har skapt,
alt la du under hans føter:
småfe og storfe i samla flokk
dei ville dyra på marka,
fuglane under himmelen og fiskane i havet,
alt som ferdast på havsens stigar.

Herre, vår herre, kor herleg ditt namn er over heile jorda!

Me har eit stort ansvar for å ta vare på skaparverket. Og sjølv om me kan kjenne oss små i den store samanhengen, så ser Gud kvar og ein av oss.

Men tilbake til stjernehimmelen, kva skjer viss du går inn i ein by og skal sjå på den same stjernehimmelen? Jo, den er mykje vanskelegare å sjå. I ein by er det så mange andre, kunstige lys, som gjer at ein ikkje ser stjernene like godt. Me kallar det lysforurensing.

Slik er det og med fokuset vårt på Jesus. Det er så mykje rundt oss som vil ta merksemda vår, og når me ser på alt dette «kunstige lyset» rundt oss, så er det mykje vanskelegare å få auga på Jesus og det han vil vise oss.

Korleis kan ein sjå forskjellen på det ekte lyset og det kunstige lyset? Nok ein gong er løysinga å gå til det Gud seier i Bibelen, kva han vil seie oss gjennom ordet sitt. På same måten som stjernene, månen og sola har vore her sidan dei vart skapte av Gud, slik er det også med ordet – det vil alltid stå fast.

Dei kunstige lysa er laga av menneska, og kan vere fine å sjå på. Men dei overdøyver det verkelege lyset. Så eg trur det er lurt å bevege seg litt vekk frå alle desse lysa, skru av skjermen, setje seg ned og ta tid til å lese i andaktsboka, i Bibelen, høyre på forkynning. Då trur eg me vil erfare at det evige lyset, det lyset som alltid vil lyse, det er så mykje lettare å få auge på.

I Matteus 5,14-15 står det:
De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset.

Jesus seier at me skal vere lyset i verda. Og då tenkjer eg fort som det står i Salme 8, kva er då eit menneske? Men me må ikkje gøyme lyset frå Jesus under ei bøtte, me må ta det fram slik at det kan lyse for andre og. Det er ikkje lysforurensing, men det kan heller samanliknast med sola som står opp om morgonen. Mørket må vike, og lyset frå Gud kjem fram.

Det står om lys mange plasser i Bibelen, og eg kjem stadig tilbake til bibelvers som har med dette fantastiske lyset å gjere. Eg vil avslutte andakten i dag med eit av desse bibelversa, ta det med deg i dag. Det står i Salme 36,10:

For hos deg er livsens kjelde, i ditt lys ser vi lys.

Bønn
Takk Gud for at du er lys.
Takk for at du ser kvart menneske.
Hjelp meg til å dele lyset med andre.
Takk for at du er med kvar dag.
Amen