Utan filter

Eg har fått meg eit nytt bildebehandlingsprogram på pcen min. Og eg kosar meg med å redigere på bilete, både her til nettsida, men og til privat bruk. Programmet har fleire filter som eg kan leggje på bileta mine slik at dei blir endra, nokre gonger til det betre og andre gonger ikkje like fint.

Men sjølv om eg liker ulike filter, og bruker dei innimellom. Så er det likevel dei uredigerte bileta som eg likar aller best. Då har du fotografert eit motiv og det du ser på skjermen er det du såg når du tok biletet – det er ekte.

I desse mobil- og skjermtider så kan ein leggje på mange filter på liva sine. Ein kan skjule ganske godt kven ein eigentleg er viss ein ønsker det.

Men akkurat som med bileta, så er det dei ekte menneska som det verkeleg er interessant å høyre på, dei som fortel frå livet slik det verkeleg er – utan filter.

Når Gud sa til Samuel at han skulle finne ein ny konge som skulle ta over etter Saul, så sende Gud han til Isai der han hadde sett seg ut ein av sønene der. Heile historia kan du lese om i 1. Samuelsbok 16. I vers 6  står det om når Samuel såg den eldste sonen til Isai, han synest det såg veldig bra ut, dette må vere den utvalgte tenkte han.

Men i vers 7 står det så fint: Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren, for eg har vraka han. Her gjeld ikkje det som menneske ser. For menneska ser det som auga ser, men Herren ser på hjartet.»

Eliab, som den eldste sonen heitte, han var flott å sjå til og såg sikkert ut som eit godt konge-emne. Men Gud såg til hjartet, og han var ikkje den kongen som Israel trong. Og slik vart kvar og ein av sønene til Isai valgt bort, og til slutt vart det David som vart salva til konge.

Ovanfor Gud hjelper det ikkje med alle slags filter, han ser rett til hjartet vårt og veit korleis me har det, både på godt og vondt. Det kan av og til kjennest litt skummelt, men mest av alt synes eg det er trygt og godt. Eg har ein Gud som kjenner meg veldig godt, og veit kva eg treng. Eg treng ikkje gjere meg til, eg kan vere meg sjølv, han godtar meg akkurat som eg er. Det er eg så uendeleg glad for.

Og så vil eg avslutte denne andakten med eit bibelvers frå Ordspråka 4,23, og mitt ønske er at flest mogleg kan bevare hjartet sitt hos Gud.

Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det.

Bønn
Takk Gud for at eg ikkje treng noko filter ovanfor deg.
Hjelp meg til å ikkje ha så mange filter i kvardagen.
Takk for at du er glad i meg akkurat som eg er.
Hjelp oss til å bevare hjartet hos deg.
Amen