
Kvila trygt
Eg held for tida på å lesa ei bok som heiter «Jesus kommer igjen». Det er både spennande, interessant og litt skremmande å lese om det som skal skje i dei siste tider. Og eg ser jo at det er mykje eg ikkje veit og har oversikt over når det gjeld dette temaet.
Men heldigvis, som eg har skrive så mange gonger før, det er ikkje eg som treng å ha kontroll, Gud har full kontroll. Det einaste eg må gjere, er å seie ja til han som er vegen til evig liv saman med Gud, eit ja til Jesus.
I Salme 4, vers 7-9 står det:
Mange seier:
Kven kan gje oss lukke?
Lat lyset frå ditt andlet skina over oss, Herre!
Du gjev større glede i hjartet
enn andre får av mengder med korn og vin.
I fred vil eg leggja meg ned og sova.
For du, Herre, berre du lèt meg kvila trygt.
Sjølv om det står ein god del om dei siste tidene i Bibelen, og me må både vere klar over og førebudd på at Jesus kjem igjen, så lever me likevel her på jorda her og nå. Og eg synes at desse versa i Salme 4 kombinerer nåtid og framtid på ein veldig god måte.
Det er mange som har spurt seg opp gjennom historia, og som også spør seg i dag om kva det er som kan gjere oss lukkelege. Bibelen spør også dette spørsmålet. Men forskjellen på oss menneske og Gud er at han har svaret på spørsmålet.
Me menneske prøver oss kanskje med pengar, berømmelse, vener, stort hus, meditasjon og andre ting som svar. Men alt dette gir oss meir eller mindre kortvarig lukke. Viss me vil ha ei lukke som varer, ja som varer til evig tid, så må me sjå på Gud. Viss me lar hans lys skina over våre liv, det gir både meining og lukke. Ikkje ei lukke som er slik at me går rundt og er glade heile tida, nei. Denne lukka er annleis, konsekvensen av denne lukka ser du i det siste verset, vers 9.
I fred vil eg leggja meg ned og sova.
For du, Herre, berre du lèt meg kvila trygt.
I uro over korleis morgondagen blir, kan eg likevel leggja meg ned for å sova i fred. For Gud har kontroll, han lar meg kvila trygt. Det er trygt og godt å halde seg nær Gud.
Han gjev meg større glede i hjarta enn andre får av mengder med korn og vin står det. Ikkje noko god mat og drikke, eller andre ting, kan gi meg den gleda i hjarta som Gud gir meg.
Gud kjenner meg, han har kontroll, eg får kvila trygt!
Bønn
Kjære Gud, min Far.
Takk for at du har kontroll.
Takk for at eg kan kvile trygt i din armar.
Hjelp meg å stole på det.
Amen

