
Medmenneske
I dag blei eg minna på versa som står i Johannes 8,1-11, om kvinna som vart gripen i ekteskapsbrot. For 2 år sidan skreiv eg og ein andakt ut frå desse versa, eg oppfordrar deg til å lese denne først. Andakten har overskrifta «Kasta den første steinen» (klikk på linken).
Som eg skreiv i andakten, så har me så utruleg mykje å lære av korleis Jesus løyser denne situasjonen. Det er så lett å sjå på kva andre gjer feil, i staden for å sjå sjølve mennesket.
Eg synes nokre gonger det kan vere vanskeleg å snakke om noko av det som står i Bibelen, utan at den eg snakkar med opplever det som fordømming. Gud toler ikkje synd, me er alle syndarar og må vende oss til Jesus, han kan berge oss. Det resulterer fort i at eg ikkje tek opp vanskeleg tema, det er enklare å la vere.
Men eg merkar jo eigentleg fort at eg kjem jo til kort, eg legg for mykje av meg sjølv og for lite av Jesus i det eg snakkar om. Det er ikkje vår jobb å dømme andre, heldigvis, den dommen skal Gud ta seg av når tida kjem. Me skal vere medmenneske for dei rundt oss, fortelje om Jesus, både kva han har gjort i våre liv, men og kva han kan gjere i andre sitt liv.
Så la oss nok ein gong leggje vegen vår og orda våre fram for Gud i bøn, og minna kvarandre på versa som står i Johannes 15,5: Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.
Me er heilt avhengige av Jesus, utan han så kan me faktisk ingenting gjera. Han kan hjelpa oss til å vera gode medmenneske for dei me møter. Og så får me seia som døyparen Johannes sa om Jesus: Han skal veksa, eg skal minka. Joh. 3,30.
Bønn
Takk Jesus for at du ser oss akkurat som me er.
Takk for at du er glad i meg!
Hjelp oss til å ikkje dømme andre, men å vere gode medmenneske.
Takk for ditt ord til oss.
Amen

