På kne

Nokre gonger byr livet på litt meir motstand enn ein kunne ønskje, nokre gonger er det vanskeleg å sjå vegen vidare, nokre gonger kan livet vere ganske tøft og tungt. Viss du har det sånn akkurat no, så er denne andakten til deg. Og viss ikkje, så ver glad for det, og så kan du likevel ta med deg løfta frå ein stor og omsorgsfull Far, som gjerne vil vere med deg på vegen gjennom livet sine mange fasar.

I sommar kjøpte eg meg eit bære-nett, på det nettet står det denne setninga: «When life gets too hard to stand, kneel.» Når livet blir så vanskeleg at det er for utfordrande å stå oppreist, så knel.

Eg kjem så mange gonger på Peter som svarer Jesus når han spør læresveinane om dei og vil gå bort. Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, Joh. 6,68. Eg har ingen alternativ, Jesus er redninga, og når livet blir vel tøft, då er eg så takknemleg for at eg har ein plass å gå. Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! Matt. 11,28. Med utropsteikn etterpå, det er ikkje tull – kvile!

Og når du strevar med å stå, då er det så mykje lettare å knele ned og be ei bøn til Gud, enn det å kjempe seg vidare på eigenhand. Paulus skriv ei bøn i Efesarbrevet 3, 14-21, den startar sånn: Difor bøyer eg mine kne for Far. Og i vers 20 kjem det eit flott vers: Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar.

På kne i bøn til han, så verkar han i oss med si kraft, og det er ikkje ei liksom-kraft. Det er ei ekte kraft, som kan gjera så mykje, mykje meir enn det me kan forstå. Og så er det ikkje alltid me merkar den store forandringa sånn med ein gong, men ver du trygg, Jesus er der like ved sida di!

Det er heller ikkje sånn at kvar gong me ber til Gud så må me fysisk leggje oss ned på kne, men det er likevel eit godt bilete på at nå orkar eg ikkje meir, nå ligg eg her på knea mine, hjelp meg Gud.

Og så står det faktisk og i Bibelen at alle menneske ein gong skal bøye kne, då i ei erkjenning om at Jesus er Herre. Det står i Fil. 2,10-11: I Jesu namn skal difor kvart kne bøya seg, i himmelen, på jorda og under jorda, og kvar tunge vedkjenna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære!

Så det å bøye kne er å overgi seg til Jesus, han er Herre, han er meir enn villig til å hjelpe gjennom det som livet har å by på.

Eit anna kapittel i Bibelen eg stadig kjem tilbake til er det som står i Salme 121, eg vil avslutte andakten med desse orda i dag. Ta dei til deg, for det er verkelege ord, med innhald som held, både i gode og vonde dagar.

Eg lyfter auga mine til fjella.
Kvar kjem mi hjelp ifrå?
Mi hjelp kjem frå Herren,
som har skapt himmel og jord.

Han vil ikkje la foten din vakla,
din vaktar vil ikkje blunda!
Sjå, han blundar ikkje og søv ikkje,
Israels vaktar.

Herren er din vaktar,
Herren er din skugge ved di høgre hand.
Sola skal ikkje skada deg om dagen,
heller ikkje månen om natta.

Herren skal vara deg frå alt vondt.
Han skal verna om ditt liv.
Herren skal vara din utgang og din inngang
frå no og til evig tid.

Bønn
Eg ber i dag spesielt for dei som har det vondt og vanskeleg.
Vær du dei nær.
Takk for at me kan kome til deg med alt.
Takk for at me kan få bøye kne for deg.
Takk for at du bryr deg om akkurat meg.
Amen