
Skammar meg ikkje
For ikkje så lenge sidan såg eg ein episode av programmet «Forræder» på TV2. Og ein kan sikkert seie mykje forskjellig om programkonseptet, men det er ikkje poenget mitt nå. I denne serien deltek og prest Thor Haavik. I episoden eg refererer til så fekk deltakarane nokre spørsmål, og eit par av desse spørsmåla hadde Bibelen som tema.
I etterkant av denne konkurransen så sette dei andre deltakarane seg ned, og Haavik fortalde om si favoritthistorie frå Bibelen. Historia var når Jesus døydde på korset. Tv-sjåaren får berre sjå frå starten av forteljinga, så kor lenge denne «preika» varte, det veit eg ikkje.
Men så til poenget mitt i dag, korleis reagerte eg som sat og såg på programmet? I ettertid så vart eg kanskje litt overraska over eigen reaksjon, og måtte reflektere litt på kvifor eg reagerte på akkurat denne måten. Det var nesten som eg vart litt flau, dette passar nå ikkje inn i konseptet. Kva er det du gjer Thor? Du må ikkje vere så direkte…
Og så når eg etter ei stund fekk tenkt meg om, så vart eg meir flau over eigen reaksjon enn over Thor Haavik si frimodigheit. Så fantastisk flott at ein prest kan snakke så avslappa om Jesus på korset i beste sendetid, det er slett ikkje kvardagskost. Han var ikkje redd for å få blikk og kommentarar, han fortalde det som låg han på hjartet akkurat då. Han hadde hjelpt gruppa med å svare på spørsmål frå Bibelen, og då nytta han sjansen på å fortelje litt meir om kva som står i Bibelen.
Eg har som sagt tenkt litt over reaksjonen min, og eg har kome fram til at når eg ser på ulike program på tv som den kristne trua blir tatt fram, så går eg ofte i forsvarsposisjon. Av og til er det nokon som snakkar ned det eg trur på, andre gonger er det vanskelege tema som blir diskutert der kristne kanskje har meiningar som ikkje er heilt vanlege, mens nokre gonger så stemmer ikkje kristendommen som blir presentert med det som eg les i Bibelen. Og eg trur det var desse erfaringane som slo inn: Kva kjem nå? Kva vil dei andre deltakarane seie? Kva for negative kommentarar kjem?
Men Thor Haavik er ein flott formidlar, og svært ærleg på det han trur på. Og når me fortel ærleg frå liva våre, kva som er viktig for meg, så trur eg folk flest vil lytte og respektere det ein seier. Og det skjedde og denne gongen, ingen spydige kommentarar, ingen som snakka ned kristendommen.
Så difor håper eg at dette kan vere noko eg sjølv hugsar på i møte med andre menneske, viss ein legg opp til å diskutere så blir det fort ein diskusjon. Men er ein open og ærleg om det ein trur på, så får ein ofte ein fin samtale saman.
Og så kom eg på bibelverset som står i Romarane 1,16:
For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar.
Ein takk til Thor som uredd viste evangeliet i beste sendetid på TV2. Og neste gong eg ser ein som viser fram Jesus på ein så flott måte, så skal eg ikkje gøyme meg bak puta, eg skal heie og juble.
Bønn
Takk Gud for at du har skapt oss.
Takk for at du har skapt oss forskjellige.
Takk for alle dei som formidler ditt ord til andre.
Hjelp oss til å stå fast i trua på deg.
Hjelp meg til å vere frimodig.
Takk for at du er med heile vegen.
Amen

