Ein song for Herren

I forrige veke viste eg til ein andakt eg hadde skrive for to år sidan. I slutten av den andakten var det ein song. Eg tek akkurat den songen med meg her i dag og. Songen heiter «God help me to be», sunge av gruppa Cloverton.



For dei av dykk som høyrer: Ver takknemleg for at du kan høyre denne songen! Det er ikkje alltid me tenkjer over kva me har før me mister det. Når eg kom til slutten av andakten, så kjende eg på ei sorg. Eg høyrde songen inni meg, men eg skulle så gjerne høyrt denne songen, eller andre songar høgt. Med høyreapparatet høyrer eg litt lyd og litt tekst, eg gjer det, men eg kan vel ikkje seie det høyrest så fint ut.

Det er nokre ting eg verkeleg saknar med det å ha mista så store delar av høyrsla mi. Ein av tinga er det å kunne høyre på songar, songar som handlar om han som har sett meg fri, om Jesus!

Og nettopp der er det likevel ei stor glede, Jesus har sett meg fri, eg skal få lov til å vere saman med Jesus for all tid. Og då, når Jesus ein dag hentar meg heim, då skal eg få vere ein del av det store koret som prisar Herren. Og som det står i Johannes Openberring 21,5: Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»

Ein dag skal alle ting bli nye, tenk for ein dag det skal bli! Og då, då skal eg få høyre lovsongen fullt ut, det gler eg meg verkeleg til.

I salme 89,2 står det: Eg vil alltid syngja om Herrens miskunn, frå slekt til slekt skal min munn gjera din truskap kjend.

Me må ikkje slutta å syngja for Gud, han er verd all vår lovsong. Og så kan me som ikkje høyrer like godt, finne andre måtar å lovsynge Herren på. Fordi oppdraget er livsviktig, me må bringa det vidare frå slekt til slekt.

I dag hadde eg lyst å dele dette. Og så har eg heldigvis så uendeleg mykje å takke for, så det går heilt fint med meg. Men nokre gonger kjenner eg på at eg godt kunne høyrt akkurat den fine songen skikkeleg ein gong til.

Heilt til slutt tek eg med meg ein song til som eg hugsar som veldig fin, «Frihet» sunge av gruppa Sentrums . Og for deg som kan høyre: Sett deg godt til rette i stolen, lukk augene, høyr på songen og takk Gud.

Ønskjer deg Guds fred!



Bønn
Kjære Jesus.
Takk!
Takk for at du ser både våre sorger og gleder.
Takk for alt det gode du har gitt oss.
Hjelp meg å takle når dagane blir litt grå.
Minn meg på å kome til deg med alt.
Takk for at du høyrer.
Amen