
Målet for turen
Når eg står på ein topp og ser utover landskapet, og ser mot ein ny topp lengre framme så ser det i grunnen ganske greitt ut å kome seg fram. Men når eg byrjar å gå så merkar eg fort at det er både nedoverbakkar og oppoverbakkar på vegen eg skal gå.
Og langt der framme så ser eg kanskje glimt av det endelege målet for turen, det er langt fram, men når ein tek eit steg om gongen, så kjem eg fram til slutt.
Eg har nå skrive andakter her på Fjellvatnet.no i snart to og eit halvt år, det har blitt over 100 andaktar og like mange bilder med bibelvers. Eg er svært takksam for å ha gjort det desse åra, og eg takkar for alle gode tilbakemeldingar eg har fått. Men først og fremst har eg fått utruleg mykje ut av det for eigen del, eg har brukt tida mi saman med Gud. Og den største takken av alle skal gå til han som har hjelpt meg på denne vegen, takk Gud!
Nå står eg ved eit nytt vegkryss, eg kjenner at året som ligg føre kjem til å krevja ganske mykje av meg. I løpet av året (forhåpentlegvis før sommaren) så skal eg gjennom ein operasjon med påfølgjande rehabilitering og trening. Det kjem til å koste både tid og krefter.
Ein av grunnane til at eg starta opp med denne nettsida var at eg ikkje følte eg var med å bidra på same måten som før, eg kjente at det var utruleg godt at Gud kunne bruke meg trass helseutfordringane mine.
Og heldigvis kan han framleis bruke meg framover og. Eg har byrja å engasjere meg litt igjen i det kristne arbeidet, så langt kreftene rekk. Og etter både grubling og bønn, så har eg fått roen for at eg no tek ein pause frå å skrive andaktar på nettsida. Kor lang denne pausen blir, det veit eg ikkje.
Men det eg har fått erfare dei siste åra, er at det å legge vegen eg skal gå hos Gud, det er så fantastisk trygt og godt (men ikkje alltid like enkelt). Eg vil framleis bruke tid saman med Gud, og eg er trygg på at han vil lede meg fram til den neste toppen, og heilt fram til målet for turen – ein evighet saman med Han!
Og til slutt, 3 bibelvers å ta med seg vidare på vegen. Husk at Gud alltid er med, sjølv om det nokre gonger kan kjennast som han er langt borte. Legg vegen i hans hender, bruk tid saman med han, les i Bibelen – han vil visa veg.
For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. Jer. 29,11
Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. Salme 119,105
Og heilt til slutt, eit av mine favorittbibelvers. Med eit stort ønske om at du og må få eiga Guds fred på din veg gjennom livet. Ikkje mist blikket på målet for turen, Jesus bryr seg om akkurat deg!
Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måte som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause! Joh. 14.27
Bønn
Kjære Gud.
Takk for din fred.
Takk for at du alltid er med.
Takk for at me kan leggja alt fram for deg.
Takk for at du er med meg heile vegen.
Amen
