Guds fred

I Filipparane 4, 6-7 står det:

Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.

Wikipedia skriv at fred ofte blir definert som fråvær av fiendskap. Det er lett å forstå, viss ikkje fiendar angrip deg så eksisterer det fred. Det kan vere store krigar mellom land, men det kan og vere små ting som t.d. naboar som ikkje er heilt einige.

Men kva er då Guds fred som går over all forstand? Vi menneske forstår mykje og har til saman mykje kunnskap i denne verda. Guds fred går over denne forstanden, den er slik at me eigentleg ikkje kan forstå det. Me prøver å forstå, men Bibelen seier at det klarer me ikkje.

Bo Giertz skriv i ein bibelkommentar at freden Jesus gir, er freden med Gud. Verda sin fred blir så lett forstyrra, men at Jesus har tatt vår skyld på seg, det gir oss som trur på han tryggleik. Jesus er vår fred.

Johannes skriv og om Kristi fred i Johannes 14, 27: Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!

Sjølv om me ikkje fullt ut forstår den freden Gud gir oss gjennom Jesus, så kan ein likevel kjenne på denne freden i kvardagen. Nokre gonger blir eg fylt av takksemd over det Jesus har gjort for meg, og kjenner på ei ro og fred i hjarte. Guds fred er heldigvis ikkje avhengig av mine kjensler, då hadde denne freden vore veldig ustabil. Gud seier tvert i mot at me skal legge det me tenkjer på, fram for han i takk og bøn, då skal Guds fred bevare både hjarte og tankar i Kristus Jesus.

Bønn
Kjære Gud.
Takk for at eg kan få del i Din fred. 
Og sjølv om eg ikkje fullt ut forstår denne freden,
er eg så takksam for at eg blir rekna med.
Amen

Her er ein nydeleg song av ei gruppe som heiter We The Kingdom. Songen heiter Peace og den handlar om å vere i Guds fred.

  • Kilde:
    Giertz, B. (2004). Forklaringer til Det nye testamente (3. bind). Oslo: Lunde forlag.