
Guds gåve
Alle har vi fått ei gåve nokre gonger i livet; til bursdag, til jul eller ved andre høve. Når eg får ei gåve tek eg imot, i alle fall frå folk som eg kjenner. Eg hadde nok blitt litt meir skeptisk til innhaldet i gåva viss ein vilt framand person hadde gitt meg ei gåve.
Nokre gonger får eg telefon frå ein telefonseljar, han vil berre gi meg ei gåve seier han, det einaste eg må gjere er å betale porto, eller binde meg til eit abonnement i nokre månadar. Det følgjer med nokre vilkår for å ta i mot gåva.
Det er ikkje mykje i dag som er gratis. Tvert i mot, det meste blir dyrare, mat og straum har auka mykje i pris det siste året. Me som bur i Noreg i dag er slett ikkje vande med at ting blir gitt bort utan at det har nokre vilkår med seg.
Gud har ei gåve han vil gi til alle, den er heilt gratis! Det einaste vilkåret for denne gåva er, slik som det er med alle gåver som du får, du må ta i mot. I Bibelen står det i Efesarane 2,8:
For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.
Mange menneske er skeptiske til denne gåva, dei kjenner jo ikkje Gud og vil ikkje ta i mot ei gåve frå nokon dei ikkje kjenner. Men me treng alle nåden, Jesus elskar alle menneske! Ver med å gi denne fantastiske gåva vidare til dei som du møter på din veg i kvardagen.
I Romarbrevet kapittel 5, vers 12-21 står det om Adam og Jesus, korleis synda kom til verda gjennom Adam og at nådegåva vart gitt gjennom Jesus Kristus. I vers 17 og 18 står det:
Kor mykje meir skal då ikkje dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve, eiga livet og få herredøme ved den eine, Jesus Kristus. Difor: Slik som ein manns fall vart til fordømming for alle menneske, slik fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske.
Bønn:
Takk Gud for gåva du har gitt oss.
Takk for at gåva er gratis og utan vilkår.
Hjelp meg til å dele denne gåva med andre, sjølv om det ikkje alltid er like lett.
Eg ber for alle som i dag skal dele Guds ord med andre, hjelp dei til å formidle Guds gode gåve.
Amen
Til slutt i dag ein kjent song av David André Østby, Nåde stor. Ta deg tid til å høyre etter på teksten i songen.

