• Lysforurensing

    Stjernehimmelen er fantastisk fin å sjå på. Det å stå ein kveld å sjå opp mot stjernene, og tenkje over kor utruleg langt vekke stjernene du ser er. Ja ein kjenner seg ikkje så stor, men då er det fint å lese frå Salme 8, 4-10: Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,månen og stjernene som du…

  • Tydeleg

    «Hei, kan du fortelje meg vegen til biblioteket?» «Ja, sjølvsagt kan eg det. Du tek berre første vegen framover her, så går du forbi ei gammal bru, den skal du ikkje over, men så må du ta til høgre rette etter brua, men før det så kan det hende du støter på ein sint hund, den står som regel i…

  • Trygg

    Då er sommaren forbi, og eg gler meg til å skrive andaktar igjen her på Fjellvatnet.no. Eg legg hausten og året i Guds hender, og ber om at han må vise meg det eg skal formidle her på nettsida. Når eg skriv får eg mykje ut av det for eigen del, men eg håper og at du som les kan…

  • Fredstid

    Ei litt merkeleg overskrift tenkjer du kanskje, for det er vel ikkje akkurat fred ein tenkjer på når ein oppdaterer seg på nyheitene for tida. Det er så mange menneske rundt om i verda som opplever både krig og forfølging, la oss be for desse menneska, alle er høgt elska av Gud. Andakten i dag er den siste før eg…

  • Skaparverket

    Når eg står på ein fjelltopp og ser utover landskapet rundt, ser eg på fantastiske bevis på Guds eksistens. At alt dette vakre har blitt til utan at nokon står bak, det er for meg heilt umogleg å tru på. Eg er overbevist om at Gud har skapt verda, at han har skapt oss menneske. I Kolossarane 1,16 står det:…

  • Ein løvetann

    Eg leste for ei lita tid tilbake eit dikt av Haldis Reigstad, diktet hadde overskrifta «Løvetannmisjon». Dette diktet er utgangspunktet for andakten min i dag: Ein frodig liten løvetann,så sorglaus, gul og god,fann husrom midt i vegbanader ingenting kan gro.Han såg ei lita opningmidt i asfaltjungelen,og ingenting i verdakan halda han igjen. Han breidde sine kronblad utog smilte som ei…

  • I tru

    Har du nokon gong lest kapittel 11 i Hebrearbrevet? Mange av avsnitta i dette kapittelet startar med desse to orda: «I tru». I vers 3 står det: I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege. Dette er ikkje noko subjektivt, som kvar og ein kan…

  • Fagert er landet

    Feiringa av nasjonaldagen vår er rett rundt hjørne, hipp hipp hurra! Me er heldige som får bu i eit fritt land, eit land der me framleis kan seie det ein meiner utan at ein risikerer å bli straffa for det. Det er det slett ikkje alle menneske i verda som kan. Men me må be for landet vårt, me må…

  • Eit løfte

    Tenk deg at du har gitt eit løfte til ein person. Dei aller fleste av oss vil gjere slik som ein har lova å gjere, det å bryte eit løfte det er det ikkje mange som likar å gjere. I Bibelen står det om utruleg mange løfte frå Gud. Og til forskjell frå oss menneske, Gud kjem aldri til å…

  • Ved Jesu føter

    I dag har eg stoppa opp ved første verset av songen «Sittende ved Jesu føtter», som først vart skriven av Lina Sandell, og så litt seinare omsett til norsk. Sittende ved Jesu føtterlytter jeg til livets ord.Å få sitte hos min Frelserer den beste plass på jord.Sittende ved Jesu føtterdrikker jeg av kilden klar,og Guds kjærlighet meg varmer,den mitt hjerte…