• Han tek ikkje glansen av livet

    I dag har eg funne fram ein song som er sunge mykje på bedehusa rundt om i Norge. Når ein stansar opp for innhaldet i denne songen, så er det ein fantastisk fin tekst. Songen er skrive av Trygve Bjerkrheim og heiter «Han tek ikkje glansen av livet». Han tek ikkje glansen av livet,den frelsar som kallar på deg.Først då…

  • Som eg er

    Fram mot sommaren kjem du kanskje til å merke at andaktane nokre gonger blir litt kortare enn vanleg. Grunnen til det er rett og slett kapasitet frå mi side. Eg har mykje som skjer både i april og mai, og i staden for å ta ein tidleg sommarferie frå nettsida, vil eg heller justere andaktane litt. Derfor vil eg framover…

  • På vegen

    Sist veke skreiv eg om mennene som var på veg til Emmaus, og som fekk Jesus med seg på vegen. Eg er ikkje heilt ferdig med å vere på vegen, ein blir vel i grunnen ikkje ferdig med det nokon gong sidan ein alltid er på veg ein eller annan stad. «Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og…

  • På veg til Emmaus

    Jesus har stått opp! Grava er tom! Han lever! Halleluja! Fire korte setningar, som kvar fortener sitt eige utropsteikn. Det er store ting, Jesus lever, i dag! Nokre menneske vil kalla det eit eventyr, at det er oppdikta. Men det er så langt frå sanninga som du kan koma, det er sant! Tenk det. I Lukas står det om to…

  • Det er nok

    Det er påske, me feirar påske. Påske er ski, grilling, sol, gule blomar, påskeharen og gøymde sjokoladeegg. Men midt oppi all feiringa er eg redd for at eg gløymer kvifor me feirar påska. Og misforstå meg rett, det er all grunn til å feire. Jesus stod opp frå dei døde tredje dagen, han vann over døden, han lever og me…

  • Forvirrande skilting

    I sist veke gjekk eg meg ein tur på ein stad eg ikkje hadde gått før. Eg hadde eit mål, eit fint utsiktspunkt der eg kunne sjå utover fjorden. På førehand hadde eg sett på kart-appen som eg har på mobilen, som eg pleier å gjere. Dette var ein forholdsvis kort tur, så eg såg berre raskt kor stien gjekk…

  • Arving

    Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans. Dette verset står i Johannes 1,12. Eg var innom fleire av versa i Johannes 1 rundt juletider, men eg kjem stadig tilbake til det som står i starten av dette evangeliet. Og i dag var det dette verset eg…

  • Tomt

    Har du nokon gong opplevd at det er tomt? Du har brukt så mykje krefter og energi at det berre er heilt tomt? Det skjer vel med oss alle innimellom. Og då har me forskjellige måtar å fylle opp igjen energilagera våre på. Det kan vere mat, søvn, gå seg ein tur eller det kan vere å gå på besøk…

  • Fredstankar – del 2

    Sidan eg skreiv forrige andakt, så har eg fått så mykje meir påfyll i forhold til den freden Gud har gitt meg desse vekene, at eg faktisk må skrive ein del 2. Så viss du ikkje har lest andakten frå sist veke: «Fredstankar», så kan du gjere det viss du vil ha litt meir samanheng. Bibelverset eg vil trekkje fram…

  • Fredstankar

    Eg kjøpte meg ei ny andaktsbok sist veke, eg skal skrive meir om kvifor eg gjorde det snart. Men først; bibelverset som stod for gårsdagen i andaktsboka var verset i Jeremia 29,11. Dette verset vil eg ha som overskrift for akkurat denne veka her, det passar veldig godt inn i mitt liv akkurat nå. Kanskje i ditt og? For eg…