-
Lyset skin i mørket
I dag vil eg ta utgangspunkt i Johannes 1,3-5: Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til. Det som vart til i han, var liv, og livet var lyset for menneska. Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det. To av desse versa hadde eg og med i andakten sist veke, og så har…
-
Alt vart til ved han
Det nærmar seg 1. søndag i advent og førjulstid. I andaktane mine framover vil eg ta utgangspunkt i Johannes-evangeliet kapittel 1, vers 1-18. Ja, eg har faktisk tenkt å bruke vers herifrå som utgangspunkt for dei seks neste andaktane mine, gjennom heile desember og til rett over nyttår. Eg synest at det kan vere godt å vere i nokre vers…
-
Den same Gud
I Hebrearbrevet 13,8 står det: Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Jesus er den same. Gud er den same. Til evig tid. Eg har høyrt det mange gonger, men har eg eigentleg tatt det skikkeleg inn over meg kva det betyr? Sist veke høyrte eg på ein song av ei lovsangsgruppe som…
-
Guds rustning
Heilt sidan eg var ganske så ung, har eg vore fascinert av versa om Guds rustning som står i Efesarane 10,10-20: Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak. For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme,…
-
Å vaske kvarandre sine føter
I Johannesevangeliet kapittel 13 står det om når Jesus vaska føtene til læresveinane. Når han er ferdig med det så står det i frå vers 12-15: Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? De kallar…
-
Kor er din brodd?
Ein brodd er noko som er spisst, ein pigg, noko som stikk. Det kan vera skarpt, sårande og smertefullt å stikke seg på brodden. Ein brodd er noko ein helst vil unngå å vere borti. I 1. Kor. 15 står det i slutten av vers 54 og vidare i vers 55 og 56: Døden er slukt og sigeren vunnen.Død, kvar…
-
Trygg
Eg har i det siste tenkt på det å vere trygg. Det er krig fleire stader i verda, og i nyheitene er det mykje om konfliktane i Ukraina og i Israel/Gaza. Men me sit likevel trygt og godt her i Norge, eg kan leggje frå meg telefonen, leggje frå meg nyheitene. Men kva med dei menneska som er midt i…
-
Thank God I do
I dag har eg ei engelsk overskrift for andakten. For dei som følgjer med på songane til artisten Lauren Daigle, så kjenner dei nok kanskje att overskrifta i dag som tittelen på ein av songane hennar. I refrenget syng ho: “I don’t know who I’d be if I didn’t know You”. Eg veit ikkje kven eg ville ha vore viss…
-
Min ven
Sist veke skreiv eg om Peter, om at det ikkje alltid er like lett å seie at ein trur på Jesus. Peter fornekta Jesus, men han kom tilbake til Jesus som tok imot han med opne armar. Når eg leste i Matteus 26 sist veke la eg også merke til eit ord i eit av versa der som eg ikkje…
-
Peter
I dag er eg sliten, det vart litt mykje sist veke. Og det får eg igjen for i dag. Det å då skulle setje seg ned for å skrive ein andakt fristar eigentleg ikkje så veldig mykje. Så eg ber til Gud om at han må hjelpe meg litt ekstra i dag. Eg ber alltid at han må vise meg…