-
Heilt til enden av jorda
I dag er det Kristi Himmelfartsdag, og då synes eg det passar med bibelteksten frå Apg. 1, 6-11: Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?» Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt. Men de…
-
Finne kvile
Nokre dagar har ein nok med seg sjølv. Kanskje du er trøytt, det er mykje som har skjedd, du er uroleg og har alt for mykje å tenkje på? Eller kanskje du har gått mange netter med lite søvn, det tærer på både det eine og det andre? Kanskje du har opplevd noko som tek alle krefter og all tankeverksemd?…
-
Ei brikke i eit puslespel
Graset tørkar bort, blomen visnar, men ordet frå vår Gud står evig fast. Jesaja 40,8. Kva ser du for deg når du les dette bibelverset frå Jesaja? Tørt gras og visne blomar? Ein bibel? Dette bibelverset stod i bordkalenderen min sist veke. Og eg såg for meg at graset og blomane visnar og forsvinn, medan Guds ord, det som står…
-
Fridom
Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket. Gal 5,1 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine læresveinar. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie. Joh. 8,31-32 Får…
-
Sanninga
Eg leste for ei tid tilbake ein andakt skrive av Håvard Sande, som eg har brukt som utgangspunkt denne veka. Det var tre bibelvers i denne andakten. Det var desse: Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg. Joh. 14,6 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie. Joh.…
-
Ein del av eit lag
Eg er nok over gjennomsnittet interessert i fotball, og denne veka så starta Eliteserien i fotball ein ny sesong. Då synest eg det er kjekt å setje seg ned for å sjå ein kamp eller to. Det som er med fotball er at det er ein lagsport. Det er 11 spelarar på kvart lag i tillegg til innbyttarar, og så…
-
Han er stått opp!
Me er inne i påskeveka, og teksten som er utgangspunktet i dag er henta frå Matteus 28, 1-10: Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen,…
-
Eg er.
Sist veke var eg og kona på besøk hos nokre gode venner ein kveld. Her prata me mellom anna saman om det som står i kapittel 3 i 2. Mosebok, om når Moses møtte Gud i den brennande tornebusken. Gud seier til Moses i vers 10: Gå no! Eg sender deg til farao. Du skal føra folket mitt, israelittane, ut…
-
Kva er då eit menneske?
Når eg ser din himmel,eit verk av dine fingrar,månen og stjernenesom du har sett der,kva er då eit menneske –at du hugsar på det,eit menneskebarn –at du tek deg av det? Desse versa står i Salme 8,4-5 og er utgangspunktet for andakten denne veka. I denne store verda har Gud auga for kvart einaste menneske, han ser alt som er…
-
Nysnø
Tenk deg at det er snø ute, og du er ute på ein skitur. I løpet av denne skituren lager du mange spor, kanskje det også er nokre plasser med ei grop i snøen der du falt i ein nedoverbakke. Dei som kjem etter deg kan sjå spora dine, og sjå at i akkurat den bakken så gjekk det ikkje…